Pyroklastisk bergart
(Omdirigert frå Pyroklastisk)
Pyroklastiske bergartar er bergartar som er samansett av vulkanske brotstykke, pyroklastar, og vulkansk oske som vert utstøytt ved eksplosive vulkanutbrot.
Pyroklastiske bergartar kan variere i klaststorleikar frå dei største agglomerata til særs fin oske og tuff. Pyroclastar av ulik storleik vert klassifisert som vulkanske bomber, lapilli og vulkansk oske. Oske vert rekna for å vere pyroklastisk fordi han er eit fint støv som består av vulkanske bergartar. Ein av dei mest spektakulære formene for pyroklastiske avsetningar er ignimbritt, som vert avsette i særs varme blandingar av gass og oske i pyroklastiske straumar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Pyroclastic rock» frå Wikipedia på engelsk, den 17. november 2013.
- Pyroklastisk bergart. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 17. november 2013 frå http://snl.no/pyroklastisk_bergart.