Pysen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 57°57′33″N 07°33′53″E Pysen er ei lita øy i Mandal kommune i Vest-Agder, som ligg på 57°57′33″ nordleg breidd.

Det var Jostein Andreassen som i juli 1987 oppdaga at øya Pysen er det sørlegaste punktet i Noreg. Søgne-læraren med naturhistorie og kystkultur som spesialområde oppnådde å få utvida grensa til landet med 150–200 meter mot sør. Tidlegare hadde Statens Kartverk ført opp øya Vestre Kråga (3,4 km lenger vest) som det sørlegaste punktet i Noreg.

Namnet Pysen er truleg bestemt form av pys, «liten gut».

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]