Pysjma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pysjma
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 19 700 km²
Lengd 603 km
Kjelde Uralfjella
Munning Tura
Kart
Pysjma
57°07′01″N 66°20′29″E / 57.116944444444°N 66.341388888889°E / 57.116944444444; 66.341388888889
Wikimedia Commons: Pyshma River

Pysjma (russisk Пышма) er ei elv i Sverdlovsk og Tjumen oblast i Russland og ei av sideelvane til Tura frå høgre i nedslagsfeltet til Ob. Elva er 603 km lang og har eit nedslagsfelt på 19 700 km².

Pysjma har utspring på 290 moh på austsida av Uralfjella ved byen Verkhnjaja Pysjma, like nord for Jekaterinburg. Elva renn ut på den vestlege delen av Det vestsibirske låglandet, og munnar ut i elva Tura på 46 moh, ved landsbyen Sosonovo, rundt 40 kilometer aust for Tjumen. I den nedre delen meanderer elva kraftig. Ho er her rundt 50 meter brei, tre meter djup, med ein straum på 0,2 m/s.

Middelvassføringa er på 34 m³/s (maksimum 1300 m³/s, minimum 2 m³/s). Dei viktigaste sideelvane er Kunara og Bolsjaja Kalinovka frå høgre, og Reft frå venstre.

Pysjma frys til i byrjinga av november og er isdekt til vårløysinga i april.

Byer ved Pysjma er Verkhnjaja Pysjma, Berjozovskij, Zaretsjnyj, Sukhoj Log og Kamysjlov

Kjelder[endre | endre wikiteksten]