Hopp til innhald

Pytalovo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pytalovo
Пыталово
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Pskov
Folketal 5 263 (2021)
Grunnlagd 1782
   Bystatus 1933
Retningsnummer +7 81147
Kart
Pytalovo
57°04′00″N 27°55′00″E / 57.066666666667°N 27.916666666667°E / 57.066666666667; 27.916666666667
Wikimedia Commons: Pytalovo

Pytalovo (russisk Пыта́лово, latvisk Abrene) er ein by i Pskov oblast i Russland med om lag 5 000 innbyggjarar. Han ligg 90 km sør-sørvest for Pskov og 10 km frå grensa til Latvia.

Landsbyen Pytalovo hadde i 1878 57 innbyggjarar og høyrte til Ostrov ujezd (distrikt) i Pskov gubernija. Han voks til ein by etter at ein jernbane vart bygd gjennom staden.

Ved den latvisk-russiske fredsavtalen i Riga i 1920 vart ein del av Ostrov ujezd, inkludert Pytalovo, gjeve til Latvia og byen var etterpå kjend under det latviske namnet Jaunlatgale (til 1938, då det offisielle namn vart endra til Abrene). I mellomkrigstida var byen hovudstad i eit av distrikta i Latvia.

Etter den andre verdskrigen overførte Sovjetunionen Abrene, saman med den austlge delen av Abrene-distriktet frå den Latviske SSR til Pskov oblast i den Russiske SFSR. Dei fleste latviske innbyggjarane forlet byen, som fekk tilbake det tidlegare namnet Pytalovo. Latvia var imot russisk styre over området fram til ein avtale mellom dei to landa vart underteikna i 2007.[1]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Pytalovo