Pål Sverre Valheim Hagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pål Sverre Valheim Hagen

Fødd6. november 1980 (43 år)
FødestadStavanger kommune
Aktive år2003–
Verka somfjernsynsskodespelar, skodespelar, teaterskodespelar, fjernsynsprodusent
FarRoar Hagen
PrisarAmandaprisen – beste mannlege rolle (2013),
Kanonprisen – beste mannlege hovudrolle (2008),
Kanonprisen – beste birolle (2009),
Heddaprisen – beste mannlege medspelar (2007),
Gullruten – beste skodespelar (2017) og Amandaprisen – beste mannlege skodespelar (2022).

Pål Sverre Valheim Hagen (fødd 6. november 1980) er ein norsk skodespelar frå Stavanger. Hagen vart uteksaminert frå Statens Teaterhøgskule i 2003, og debuterte same år som skodespelar ved Det Norske Teateret. Den fyrste hovudrolla hans i ein kinofilm var rolla som Jan Thomas i deUSYNLIGE (2008). Han har òg spelt hovudrolla som Thor Heyerdahl i filmen Kon-Tiki (2012), Roald Amundsen i filmen Amundsen (2019) og William Bergvik i serien Exit (2019–2023). Han bur i dag for det meste i Stockholm saman med kjærasten Evelyn og borna deira.[1]

Pål Sverre er sonen til Roar Hagen som er avisteiknar og illustratør i VG.[2]

Roller[endre | endre wikiteksten]

Teaterarbeid[endre | endre wikiteksten]

Namn År Rolle Merknad
Bikubesong av Frode Grytten 2003
Herr Bima og herr bramati av Tord Akerbæk 2003
Skråninga av Carl Frode Tiller 2004 Den psykotiske guten Hovudrolle
Ivanov av Anton Tsjekhov 2004
Raskolnikov (ei dramatisering av Forbrytelse og straff av Fjodor Dostojevskij) 2005
Verdas mest forelska par av Rune Belsvik 2006 Bjørn Disel
Ingen skriv til obersten av Gabriel G. Márquez 2007 Hanen
Eugene O'Neills Lang dags ferd mot natt av Edmund Tyrone 2010
Demoner 2014 (ein samtidsversjon av Dostojevskijs De Besatte) 2014 Stavrogin

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Namn År Rolle Merknad
Den som frykter ulven 2004 Politivakt
Blokk B 2006 Ham Kortfilm
Roswell Enterprises 2006 William Kortfilm
Mirakel 2006 Assistent
Lønsj 2008 Vaktmeisteren
De gales hus 2008 Tussi
deUsynlige 2008 Jan Thomas Hovudrolle
Max Manus 2008 Roy Nielsen
Jernanger 2009 Kris
Amor 2009 Thomas Kortfilm
Jeg reiser alene 2011 Hasse Ognatun
Kon-Tiki 2012 Thor Heyerdahl Hovudrolle
Gåten Ragnarok 2013 Sigurd Svendsen Hovudrolle
Kraftidioten 2014 Greven
Birkebeinerne 2016 Gisle
Flaskepost fra P 2016 Johannes
What happened to Monday 2017 Jerry
Sonja 2018 Niels Onstad
Amundsen 2019 Roald Amundsen Hovudrolle
Operasjon Mumie 2019 Onkel Fred
Ut og stjæle hester 2019 Jons Far
Dianas bryllup 2020 Terje Hovudrolle
The Middle Man 2021 Frank Hovudrolle
Alle hater Johan 2022 Johan Grande Hovudrolle
Krigsseileren 2022 Sigbjørn Hovudrolle

TV-seriar[endre | endre wikiteksten]

Namn År Rolle Merknad
Sejer – Svarte sekunder 2006 Tomme
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? 2010 Mattias Hovudrolle
Valkyrien 2017 Leif Hovudrolle
Exit 2019–2023 William Bergvik Hovudrolle
Beforeigners 2019 Doktoranden

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Tildelte prisar[endre | endre wikiteksten]

  • Heddaprisen 2007 – beste mannlege medspelar – Verdas mest forelska par og Ingen skriv til obersten[3]
  • Kanonprisen 2008 – beste mannlege hovudrolle – deUsynlige
  • Kanonprisen 2009 – beste birolle – Jernanger[4]
  • Amandaprisen 2013 – beste mannlege rolle – Kon-Tiki
  • Gullruten 2017 – beste skodespelar – Valkyrien
  • Amandaprisen 2022 – beste mannlege skodespelar – The Middle Man.[5]

Nominert til[endre | endre wikiteksten]

  • Gullruten 2012 – beste mannlege skodespelar – Buzz, Aldrin, hvor ble det av deg i mylderet?
  • Kanonprisen 2013 – beste mannlege hovudrolle – Kon-Tiki
  • Amandaprisen 2013 – beste mannlege skodespelar – Kon-Tiki
  • Amandaprisen 2014 – beste mannlege skodespelar – Kraftidioten
  • Amandaprisen 2021 – beste mannlege skodespelar – Dianas bryllup[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Som barn ble «Exit»-skuespilleren ertet i klasserommet. Dagen etter var han ikke til å kjenne igjen.», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), henta 1. juli 2022 
  2. «Pål Sverre Valheim Hagen» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. Heddaprisen (31. mai 2017), «2007», Heddaprisen (på hebraisk), henta 2. juli 2022 
  4. Kotsbakk, Kaja Kristin Ness (15. mars 2010), «Her er Kosmoramas prisvinnere», NRK (på norsk bokmål), henta 1. juli 2022 
  5. «Amanda til Pål Sverre Hagen», www.aftenbladet.no (på norsk bokmål), henta 21. august 2022 
  6. Vedeler, Linda Marie (16. juni 2021), «Kinoaktuell film med flest Amandanominasjoner», NRK (på norsk bokmål), henta 1. juli 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pål Sverre Valheim Hagen