Pål og Harald Håkonsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Detalj av pergamentside frå folio 101v av GKS 1005 - Flateyjarbók, med teksten «jarl í Orkneyum».
Kart over Orknøyane, med den nordlege delen av Katanes (Caithness). Frå kartsamlinga til Nasjonalbibliotektet. Handteikna før 1850 av P.A. Munch.

Pål Håkonsson «fåmælte» (norrønt Páll úmálgi) og halvbroren Harald Håkonsson «slettmæle» (norrønt Haraldr sléttmáli) var sams jarlar på Orknøyane, etter at far deira, Håkon Pålsson, døydde omkring 1123. Det er ikkje kjent når dei vart fødde, men Harald døydde omkring 1127 og Pål døydde omkring 1136.

Norrøne kjelder[endre | endre wikiteksten]

Det meste av opplysningane om dei to jarlane, finn ein i Orknøyingasoga[1] frå kapittel 53 og utover.

Familie[endre | endre wikiteksten]

The Earl's Bu på Orphir var truleg hovudgard og administrativt senter for Pål jarl.
Kyrkja på Orphir ved «The Earl's Bu» var truleg bygt av Håkon Pålsson jarl etter at han kom heim frå jorsalferda. Kyrkja var bygt etter modell av den den heilage gravkyrkja i Jerusalem.

Den eine sonen til Håkon Pålsson jarl var Pål, som fekk tilnamnet «fåmælte». Det er ikkje nemnt i soga kven som var mor hans og det er heller ikkje nemnt noko om at han hadde born etter seg.

Pål hadde desse syskena, som alle hadde Helga Moddansdotter til mor:

Harald, som fekk tilnamnet «slettmæle». Son hans var Erlend Haraldsson jarl.
Ingebjørg som var gift med Olav Bitling (Óláfr «Bitling» Guðrøðarson)[2] som var konge på Man
Margret som var gift med Maddad jarl (Matad mormaer) frå Atholl,[a] og var mor til Harald Maddadsson jarl.

Pål og syskena hans var i slekt med Magnus den heilage, som var syskenbarnet til faren.

Liv og lagnad[endre | endre wikiteksten]

«Dei hudflengjer Sigurd Slembe.» Teikning av Wilhelm Wetlesen 1899. Sigurd Slembe gjorde mykje ugagn på Orknøyane, og seinare i Noreg. Han fekk ein låk lagnad og vart pint ihel etter slaget ved Holmengrå i 1139.

Etter Håkon Pålsson jarl var død, vart sønene hans, Pål og Harald, sams jarlar på Orknøyane. Som så ofte før når det var samstyre, vart det snart usemje mellom dei, og riket vart delt i to. Det ser ut til at Pål jarl rådde over den nordlege luten av jarleriket medan Harald jarl hadde den sørlege luten, og hadde Caithness i len av skottekongen.

Orknøyingasoga legg mykje av skulda for usemja mellom halvbrørne, på Harald jarl og venene hans, i første rekke Helga, mor hans og på morsystera Frakokk Moddansdotter[b] og slektningen hennar, Sigurd Slembe.[c] Etter at dei, særleg dei to sistnemnde, var komne til øyane, vart det brått mykje splid og jarlane drog til seg så mange av venene sine som dei kunne. Harald jarl og Sigurd Slembe drap Torkjell Sumarlidesson Fostre, venen og frenden til Pål jarl. Etter det drapet, hardna striden til mellom halvbrørne, og det var fare for open krig. Men bøndene talde til semje, og det enda med at Sigrud Slembe og medløparane hans vart vist bort frå øyane og Harald jarl greidde ut bøter for drapet.

Ei tid såg det ut til at dei skulle verte betre frendar enn før. Så hende det, truleg i 1127, at dei skulle feire jul i saman på ein gard som Harald jarl åtte i Orfjara.[d] Det blir fortalt i soga[3] at systrene Frakokk og Helga hadde lagt planer om å ta livet av Pål jarl med eit forgifta linklede (kjortel), men det gjekk slik at det i staden vart Harald jarl som tok på seg linkledet og døydde.

Etter at halvbroren var død, tok Pål jarl styringa med heile riket. Han må truleg ha fått vite sanninga om komplottet, og han viste dei to kvinnene bort frå øyane. Frakokk var gift med Ljot Niding i Sudrland og dei reiste dit, til den garden som Frakokk åtte der. Dei hadde dottera Gudrun som var mor til Torbjørn Torsteinsson Klerk. Ei anna dotter var Steinvor og ho var mor til Olve Rosta. Der vaks opp både Erlend, son til Harald jarl og Margret, syster hans.

Pål jarl rådde seinare åleine over Orknøyane. Han vann seg mange vener og var godt likt, og det var god fred i riket. Dette var truleg i midten av 1120-åra, for soga nemner at folk hadde teke til å tale om undera som hende ved grava til Magnus Erlendsson jarl i Birsay, og at både Pål jarl og biskop Vilhelm mistrudde mykje av det som vart fortalt.

Ragnvald gjer krav på riket[endre | endre wikiteksten]

Før han døydde i 1130, gav kong Sigurd Jorsalfare halve Orknøyane til Ragnvald Kale Kolsson,[e] og dette vart seinare stadfest av kong Harald Gille.[4] Det kom sendemenn til Pål jarl om at han skulle gi frå seg halvparten av riket til Ragnvald, men Pål jarl sa tvert nei, for han meinte at Ragnvald ikkje hadde nokon arverett. Sendemennene for då til Frakokk i Sudrland og baud halve riket til henne og dottersonen hennar, Olve Rosta.

Sumaren 1135 kom Ragnvald med fem eller seks skip og mykje folk til Hjaltland og Frakokk og Olve Rosta kom sør frå Sudrland med tolv skip. Pål jarl var på Vestnes på Rolvsøy[f] då han fekk tidendar om åtaka som truga og han samla mykje folk og fem skip. Dei møtte først flåten til Frakokk og Olve; det vart ei hardt slag ved Tannskårenes,[g] men Pål jarl fekk siger og tok nokre av skipa til Frakokk. Så drog han nord til Hjaltland for å leite etter Ragnvald, der tok han nokre skipa hans og drap nokre av mennene hans. Ragnvald gav då opp hærferda og reiste attende til Noreg.

Pål jarl heldt eit stor gjestebod på Orknøyane for å feire sigeren og det vart då avgjort at dei skulle sette vetar på øyane for å bli varsla om det skulle kom meir ufred. Det er nemnt at vetar vart sett opp på Fredarøy[h] og på Rinansøy,[i] og dette er første gongen ein høyrer om varslingssystem med vetar på Orknøyane.[5]

Ein ny person, Svein Åsleivsson, kjem inn i soga om lag på denne tida. Far hans, Olav Rolvsson på Gåreksøy,[j] vart brent inne av Olve Rostad,[k] og seinare gjekk Svein under namnet Åsleivsson, etter som mor hans heitte Åsleiv. Etter drapet kom Svein til Pål jarl og vart vel teken imot hjå han. Men så hende det at Svein drap to av venene til jarlen og han vart lyst i utlegd, og etter den tida var han mellom uvenene til Pål jarl.

Ragnvald Kale Kolsson kom på nytt til Orknøyane med hærfolk og denne gongen «gav alle seg under han» der han kom. Han hadde god støtte av biskop Vilhelm og mange av stormennene på øyane, og det vart då slik at riket vart skift mellom Ragnvald og Pål, på det viset at dei skulle ha halvparten kvar. Men Ragnvald vart snøgt den mest mannsterke.

Pål jarl blir teken av dage[endre | endre wikiteksten]

Svein Åsleivsson gjorde seg til vens med Frakokk i Sudrland og Maddad jarl og Margret Håkonsdotter i Atholl, og det vart semje om å hjelpe Erlend Haraldsson, brorsonen til Margret, til å få farsarven sin på Orknøyane.[l] Ei stutt tid etter greidde Svein å ta Pål jarl til fange på Rolvsøy og segla med han sør til Ekkjalsbakke[m] i Skottland. Derifrå tok ha med seg Pål jarl til syster hans i Atholl. Etter den tida har ikkje Orknøyingasoga noko meir pålitande å fortelje om lagnaden til Pål jarl, men sogeskrivaren siterer eit rykte om at Margret skal ha rådd Svein Åsleivarsson til å blinde bror hennar, og legg til: «Me veit ikkje kva som er sannast. Men det veit alle, at Pål jarl kom aldri meir til Orknøyane, og ikkje hadde han noko rike i Skottland heller».

Då ingen på Orknøyane høyrde meir om lagnaden til Pål jarl, vart Ragnvald Kale Kolsson teken til jarl over heile riket i 1136.[6]

Mektige kvinner[endre | endre wikiteksten]

I styringstida til halvbrørne Pål jarl og Harald jarl, og seinare Ragnvald jarl, er det i Orknøyingasoga nemnt fleire kvinner som gjorde seg sterkt gjeldande, på godt og vondt, kanskje mest det siste.

Moddansdøtrene[endre | endre wikiteksten]

Helga Moddansdotter, frillekona til Håkon Pålsson jarl, og Frakokk Moddansdotter, syster hennar, ser ut til å ha vore dei leiande i eit parti som motarbeidde Pål jarl, til fordel for halvbroren, Harald jarl. Drapsmannen Sigurd Slembe var ein av dei kjæraste venene deira. Dei var ikkje framande for å utføre giftmord, dei eggja medløparane sine til å utføre drap og Frakokk var sjølv med på hærflåten som heldt slag med Pål jarl ved Tankerness.

På garden sin i Sudrland[n] samla Frakokk til seg slektningar og vener, alle dei som stod i opposisjon til Pål jarl og venene hans. Då Helga og Frakokk ved eit mistak vart årsak til at Harald jarl døydde, vart siktemålet deira først å setje inn Olve Rosta som ny jarl, seinare Erlend Haraldsson.

Frakokk enda livet sitt omkring 1142, då Svein Åsleivsson brende husa på garden hennar, og alle som var inne. Det var til hemn for at Olve Rosta hadde drepe far hans, Olav Rolvsson.

Margret Haraldsdotter[endre | endre wikiteksten]

Margret, syster til Harald jarl som vart gift med Maddad jarl frå Atholl, var visst ikkje ringare enn Frakokk, morsyster si. Ho skal ha bede Svein Åsleivsson om at han skulle blinde Pål jarl, hennar eigen bror, og ein må vel mistenke henne for at det var ho som til sist let han drepe.

Ragna på Rinansøy[endre | endre wikiteksten]

Ei anna mektig kvinne, Ragna, ser ut til å ha vore den rake motstykket til Frakokk. Orknøyingasoga fortel at ho var ei gjev og klok husfrue på North Ronaldsay,[7] der ho budde saman med sonen sin, Torstein. Soga fortel at Pål jarl og Ragna talast ved om mangt og ho gav han gode råd.

Ved eit seinare høve er det er fortalt i soga[8] at ho hjelpte den islandske skalden Hall Torarinsson til ein plass i hirda til Ragnvald Kale Kolsson jarl. Av ordskiftet som er sitert, gir soga oss det inntrykket at ho òg var på god fot med Ragnvald jarl. Ragna er nemnt i ei vise[9] som skalden gjorde til henne.

Orphir[endre | endre wikiteksten]

I Orknøyingasoga er det nemnt fleire stader at Pål jarl heldt til garden sin på Orfjara (Orphir).[10] Der var det store hus. Dei stod i ei bakkeskråning og attanfor husa var det ei brekke (åshøgd). Når dei kom fram på leitet, såg dei ut over Aurridafjord (Bay of Firth). På garden var der ein stor drikke-skåle med dør på søre langveggen. Utanfor skåle-døra var der ei storgjev kyrkje.[11] Rett mot utdøra låg stova, og truleg var det der systrene Frakokk og Helga tok livet av Harald jarl med eit forgifta linklede (kjortel).

Staden blir i dag kalla «The Earl's Bu»[12] og blir rekna som det administrative sentrum for Pål jarl, og seinare Ragnvald jarl.

Kjelder og utfyllande opplysningar[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Atholl var eit område i dei skotske høglanda, på den tida eit skotsk jarledøme (mormaer-rike). Den første kjende jarlen var Matad, som i Orknøyingasoga kallar Maddad, der han (i kapittel 63) blir kalla «den gjævaste av alle Skottlands-hovdingane».
  2. Helga, frilla til Håkon Pålsson, og systera Frakokk, var døtrene til ein gjev og rik mann som heitte Moddan, og som budde på Dal (truleg Thurso Dale) på Caithness.
  3. Sigurd Slembe (f. omkring 1100, død 1139) hadde ei fylgjekone som heitte Audhild, dotter til Torleiv Moddansdotter. Ho var såleis syskenbarnet til Harald jarl. Før Sigurd kom til Orknøyane, hadde han vore i teneste hjå skottekongen David I (konge i tida 1124-1153). Han gjorde seinare krav på å bli norsk konge og hevda at Magnus Berrføtt var far hans.
  4. Orfjara er i dag Orphir.
  5. Ragnvald Kale Kolsson var son til lendmannen Kol Kalesson på Agder. Mor hans var Gunnhild; ho var dotter til Erlend Torfinnson jarl og bror hennar var Magnus den heilage.
  6. Rolvsøy er i dag Rousay.
  7. Tannskårenes er i dag Tankerness
  8. Fredarøy er i dag Fair Isle.
  9. Rinnansøy er i dag North Ronaldsay
  10. Gåreksøy er i dag Gairsay
  11. Olve vart brent inne på staden som i dag heiter Duncansby
  12. Erlend Haraldsson vart seinare jarl, saman med Harald Maddadsson og Ragnvald Kale Kolsson.
  13. Ekkjalsbakke er ved Oykel river
  14. Garden til Frakokk låg truleg i Helmsdale, ved kysten av Moray Firth (ref.: The Northern Earldoms, s.183).

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  2. The Chronicle of Man and the Sudreys av P. A. Munch (1860) latin og engelsk tekst. Side 73 og 74.
  3. Orknøyingasoga, kapittel 55 - om drapet på Harald jarl.
  4. Orknøyingasoga, kapittel 62
  5. Orknøyingasoga, kapittel 66
  6. Orknøyingasoga, kapittel 76
  7. Orknøyingasoga, kapittel 56 og 67
  8. Orknøyingasoga, kapittel 81
  9. Lausavise av Hall Torarinsson (Skaldic Project)
  10. Om Orphir: Orknøyingasoga kapittel 55,66 og fleire
  11. The Orphir Round Kirk orkneyjar.com
  12. The Earls's Bu, Orphir scapaflow.co

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referanseside Føregangar O r k n ø y j a r l Etterkomar
Orknøyjarlane Håkon Pålsson Pål Håkonsson
Samstyre med:
Harald Håkonsson
Ragnvald Kale Kolsson