Pål Øie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pål Øie
Fødd15. november 1961 (62 år)
Verka somfilmregissør, manusforfattar, regissør

Pål Øie (fødd 15. november 1961) er ein norsk filmskapar som fekk gjennombrotet sitt med spelefilmdebutten Villmark (2003). Han har tidlegare laga ei rad kortfilmar. Arbeidet til Øie er kjenneteikna av eit sterkt visuelt filmspråk som ofte bidreg til å lade dramatiske situasjonar med ei dempa uro.

I 2013 regisserte han ein dokumentarfilm om kunstnaren Lars Hertervig, kalla Lysets vanvidd.[1][2]

I 2019 kom han med filmen Astrup – Flammen over Jølster med danske Thure Lindhardt i hovudrolla som Nikolai Astrup. Øie har sjølv familietilknyting til Jølster, og initiativet til filmen kom frå Jølster kommune.[3] Dagbladets anmeldar roste fotograferinga og meinte filmen elles er ujamn.[4] Meldarane i Aftenposten og Bergens Tidende var meir positive og gav terningkast fire.[5]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Langfilm
Kortfilmar
  • Kloning, 1990
  • Brønnen, 1997
  • Zorry, 2000
  • Steppdans, 2000
  • Stopp, 2001
  • Siste Hus, 2002
  • Vakuum, 2005
  • Familien Bergs Erfaringer, 2009

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. vestnorskfilm.no Lysets Vanvidd - En film om kunstmaler Lars Hertervig
  2. NRK nett-TV Lysets Vanvidd - En film om kunstmaler Lars Hertervig
  3. «Ny film om Astrup: – Det er utruleg kor mykje han fekk gjort. Han var gartnar og han var elskar». Framtida (på engelsk). 27. september 2019. Henta 6. oktober 2019. 
  4. Hobbelstad, Inger Merete (5. oktober 2019). «Hvorfor snakker han dansk?». Dagbladet.no (på norsk). Henta 6. oktober 2019. «Dette er både pedagogisk skolefilm og eksperimentell kunstfilm, og knaker i sammenføyningen.» 
  5. «Dette meiner filmmeldarane om Astrup-filmen». Firda (på norsk). 4. oktober 2019. Henta 6. oktober 2019. «Fredag har «Flammen over Jølster» norgespremiere. Både Bergens Tidende og Aftenposten trillar fire på terningen, medan éin filmmeldar gir filmen terningkast fem.» 
  6. Lidal, Raymond (15. desember 2019). ««Tunnelen» hadde førpremiere 1011 meter over havet». NRK. Henta 26. desember 2019. «Regissør Pål Øie fekk også ta turen opp til Hoven i gondolbanen. Han er overvelda etter å ha vist filmen på Colosseum kino i Oslo og på Lillehammer, før dei kom til Stryn laurdag.» 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]