Pålebygning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pålehus i Sylhet i Bangladesh.

Pålebygningar er bygningar reiste på eit understell av pålar som er sette ned i grunnen, ofte i ein strandkant eller ute i vatnet. Ein kan òg rekna bygningar som er oppførte på eit flytande underlag ute i vatnet eller på flytande torvmatter (som den svenske Alvastrabuplassen frå steinalderen) som pålebygningar.

Pålebygningar er i dag særleg vanlege blant malayar og på Papua Ny-Guinea, i Polynesia og hjå ein del søramerikanske urfolk. Dei kan ha blitt laga dels for forsvar og dels fordi ein vil bu i område som er for våte for vanlege hus. Dei er nyttige på stader der det er vanleg med flaum, eller like ved vasskanten.

Ein viktig grunn til å byggja pålebygningar er for å verna seg mot flaum.[1] Ein kan også bruka dei på grunn som kan vera ustabil, som myr eller permafrost. Bygningar på pålar kan også halda ute skadedyr.[2] Det opne rommet under bygningen kan brukast til arbeid eller lagerplass.[3]

Arktis og Antarktis[endre | endre wikiteksten]

Dei tradisjonelle sommarbustadane på pålar laga av itelmenfolkKamtsjatkahalvøya.

På stader med permafrost, i Arktis, kan ein bygga hus på pålar for å hindra at varme frå husa smeltar han. Permafrost kan innehalda opptil 70 % vatn. Når han er frosen gjev han eit stabilt fundament til bygningar. Dersom varmen strøymer ut frå botnen av huset kan derimot permafrosten smelta, og huset blir ustabilt og byrjar å søkka.

Nyare forskingsstasjonar i Antarktis har også nytta pålar til å løfta bygningar opp frå bakken. Dette gjer at snø ikkje samlar seg rundt dei, og kan i nokre høve gjera bygningane flyttbare.[4]

Europa[endre | endre wikiteksten]

Byen Lakustrina, funnen ved Zürichsjøen i Sveits.
Rekonstruksjon av bustader i Pfahlbaumuseum Unteruhldingen am Bodensee.

Ein har reist pålebygningar fleire stader i Europa frå steinalderen til fram i jernalderen, særleg i austlege delar. Bygningstypen er særleg kjend frå Sveits og Nord-Italia.

Typar[endre | endre wikiteksten]

  • Kelong - særleg bygd for fiske, men kan også brukast som bustad i land som Filippinane, Malaysia, Indonesia og Singapore.
  • Nipa hut - tradisjonell hustype på Filippinane
  • Palafito – funne i heile Sør-Amerika sidan førkolumbisk tid. På slutten av 1800-talet blei det bygt mange palafitoar i chilenske byar som Castro, Chonchi og andre byar i den chilenske skjergarden. Dei blir no sett på som ein typisk del av den chilenske arkitekturen.
  • Pang uk - Ein spesiell hustype som finst i Tai O, Lantau og Hongkong
  • Papua Ny-Guinea - pålebygning bygd av motuanar, vanleg i sørlege kystdelar av landet
  • Thai-pålebygningar - ein type hus som ofte blir bygt ved ferskvatn, som ein lotusdam.
  • Vietnamesiske pålebygningar - liknande dei thailandske, bortsett frå at dei har ytterdør med lågare høgd av religiøse grunnar.
  • Heliotrope - eit konsepthus designa av Rolf Disch med ein einaste stolpe, optimert for å utnytta solenergi.
  • Diaojiaolou - pålebygning i sørlege Kina.
  • Queenslander - pålebygning som er vanleg i Queensland og nordre New South Wales i Australia.
  • Stabbur eller stolpehus har ofte vore pålebygnignar i Europa og Nord-Amerika

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bush, David M. (June 2004). Living with Florida's Atlantic beaches: Coastal hazards from Amelia Island to Key West. Duke University Press. s. 263–264. ISBN 978-0-8223-3289-3. Henta 27. mars 2011. 
  2. Our Experts. Our Living World 5. Ratna Sagar. s. 63. ISBN 978-81-8332-295-9. Henta 27. mars 2011. 
  3. Cambodian Heritage Camp yearbook. Arkivert frå originalen 11. november 2017. Henta 16. juni 2017. 
  4. «How Antarctic bases went from wooden huts to sci-fi chic». BBC News (på engelsk). 13. januar 2017.