Qaanaaq

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Qaanaaq
by
Qaanaaq houses.jpg
Land Flag of Greenland.svg Grønland
Region Avannaata

Qaanaaq
77°28′1″ N 69°13′59″ W
Wikimedia Commons: Qaanaaq

Qaanaaq er ein by i Avannaata kommune nordvest på Grønland. Staden er også blitt kalla Thule og Nye Thule. Han er den einaste byen på Nord-Grønland, og er ein av dei nordlegaste byane i verda. I 2018 hadde Qaanaaq 628 innbyggarar.[1] Det lokale språket er inuktun, mange innbyggjarar snakkar også kalaallisut og dansk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg på ein tidlegare fangstplass som også heitte Qaanaaq. Qaanaaq-området blei fyrst folkesett rundt 2000 f.Kr. av paleo-eskimoiske folk som vandra inn frå kanadisk Arktis.[2]

I 1818 oppretta ekspedisjonen til den britiske marineoffiseren John Ross den fyrste kontakten med nomadiske inuktuntalarar i området. James Saunders sin ekspedisjon med HMS «North Star» sat fast i North Star Bay 1849–50 i namngav landemerke.[3] Robert Peary bygde ein støttestasjon ved ei naturleg hamn ved foten av det ikoniske Mount Dundas i 1892. Denne tente som base for ekspedisjonane hans, og trekte til seg ein permanent folkesetnad. I 1910 skipa utforskarane Knud Rasmussen og Peter Freuchen ein misjons- og handelspost her. Dei kalla staden «Thule» etter det klassiske omgrepet ultima Thule; inuittane kalla staden Umanaq ('hjarteforma'), og staden blir ofte kalla «Dundas» i dag. USA gav opp territorialkrava sine på området i 1917 i samband med kjøpet av Jomfruøyane. Danmark tok kontroll over landsbyen i 1937.

Dagens by blei etablert vinteren 1953 då USA fekk lov til å utvida Thule-flystasjonen (bygd 1951). Innbyggarane i Uummannaq (Dundas) og Pituffik ved Thulebasen blei tvinga til å flytta lenger unna basen. Dei blei då tvangsflytta 31 km, med fire dagars frist. Busetnaden blei seinare flytta endå 100 km mot nord. Qaanaaq blir derfor gjerne kalla for «Nye Thule». I Qaanaaq oppførte staten hus og butikk, kyrkje, skule og sjukehus til dei innflytta familiane.[4]

Innbyggjarane bur stort sett i hus, eller nokre få rekkehus. Framleis føregår det ei sentralisering i kommunen, der innbyggarane i dei mindre busetjingane flyttar inn til byen. Med 646 innbyggjarar i 2020 er Qaanaaq den største busetnaden i norddelen av landet.[5] Folketalet er relativt stabilt, med berre mindre endringar sidan midten av 1990-talet.[6] Det er fleire huskyar i byen enn menneskelege innbyggjarar.[7]

Institusjonar[endre | endre wikiteksten]

Skulen Avanersuup Atuarfia

Den lokale skulen, Avanersuup Atuarfia, har rundt 120 elevar i 1. til 10. klasse. Han har også eit internat for rundt 20 elevar frå nærområda. Barnehagen i byen har plass til 34 ungar.[8] Byen har også sjukeheim, sjukehus, politistasjon og ei kyrkje. Qaanaaq Museum held til i bustaden til polarforskaren Knud Rasmussen frå det gamle Thule.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Skipsgods transportert til Qaanaaq.

Qaanaaq lufthamn ligg ca. 3,5 km nordvest for byen. Air Greenland har flyruter mellom Qaanaaq lufthamn og Upernavik lufthamn, med vidare samband til Ilulissat lufthamn og Qaarsut lufthamn. Det går også fly til Siorapaluk og av og til til Moriusaq, og til Savissivik via Thule Air Base.[9]

Det finst nokre få uasfalterte vegar i Qaanaaq. Det går berre ein veg ut frå byen, til Qaanaaq lufthamn. Det finst pickupbilar og SUV-ar i Qaanaaq, men ski, hundespann og gonge er gjerne betre alternativ for å koma seg rundt.[10]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Befolkningen i lokaliteterne 1. Januar 1977-2018 Arkivert 2018-07-24 ved Wayback Machine., Statistikbanken, Grønlands Statistik.
  2. Fortescue, Michael. Language Relations Across Bering Strait: Reappraising the Archaeological and Linguistic Evidence. Open Linguistic Press, Cassell, 1998. ISBN 0-304-70330-3
  3. «Icy Imprisonment: The 1849 Voyage of the HMS North Star». 3. september 2014. 
  4. Den store danske: Qaanaaq
  5. Population in Localities January 1st by place of birth, gender, locality and time. Statistics Greenland. ISBN 978-87-986787-7-9. ISSN 1602-5709. Henta 6. september 2013. [daud lenkje]
  6. Statistics Greenland, Population in localities
  7. «IS18, Qaanaaq, Greenland, Denmark: CTBTO Preparatory Commission». www.ctbto.org. Henta 19. september 2016. 
  8. Administrator, Odeum. «Qaanaaq». qaasuitsup-kp.cowi.webhouse.dk (på engelsk). Arkivert frå originalen 2018-09-13. Henta 13. september 2018. 
  9. «Booking system». Air Greenland. Arkivert frå originalen 22. april 2010. Henta 9 June 2010. 
  10. Practical info - The Official Tourism Site of Greenland, arkivert frå originalen 2014-04-08, henta 20. september 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Qaanaaq