Qalat i Afghanistan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Qalat (قلات, qalāt)
none
Land Flag of Afghanistan.svg Afghanistan
Høgd 1 568[1] m
Folketal 49 158 (2015)
Britisk framstilling av festningen i Qalat frå 1868.

Qalat (persisk قلات, qalāt) er provinshovudstad for Zabol i Afghanistan.[1] Han ligg sentralt i landet, 300 km sørvest for hovudstaden Kabul. Qalat har 49 158 innbyggjarar (2015).[2] Dei fleste innbyggjarane er pasjtunarar. Byen har vegsamband med Kandahar i sørvest og Ghazni i nordaust via hovudvegen Ring Road. Qalat lufthamn ligg i nærleiken av byen.

Qalat er også kjend som Qalāt-e Ghiljī, Qalāt-e Tokhī. Qalāt kan også skrivast Kalāt. Namnet tyder 'festning'. Festningen som ligg i åssida over Qalat skal ifølgje soga vera bygd av Aleksander den store. [3] Det noverande byggverket blei reist under britane på 1800-talet.[4] Han er blitt brukt, også i nyare tid, av sovjetarar, talibankrigarar og USA-amerikanarar.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

16. april 1857 vitja eit britisk sendebod gjennom byen, på veg til Kandahar for å inngå ein avtale mellom dei britiske styresmaktene i Peshawar og emiren av Kabul.[5]

Emir Sher Ali Khan erobra byen den 22. januar 1867. Sonen hans, Mahomed Ali, blei drepen i slaget. Det var onkelen hans som drap han, og onkelen blei seinare også drepen.[6]

I 2005 var Qalat base for amerikanske styrkar som kjempa mot Taliban.[4] Den første flyplassen i provinsen, Qalat lufthamn, blei bygd i 2006.[7] Han var eit av fleire prosjekt som fann stad under det amerikanskleidde Provincial Reconstruction Team Zabul, som var verksame her fram til 2013.[8] Mellom anna blei det bygd ein jenteskule for å betra tilgang til utdanning i området.[9] Fleire program for å betra tilgangen på reint vatn blei også starta rundtom i byen.[10] I 2009 blei eit prosjekt som gav sjukehuset Qalat City Hospital reint drikkevatn fullført.[11] Nokre av prosjekta har likevel fått kritikk. Utviklinga av eit økonomisk distrikt i byen tok tre år å fullføra og kosta rundt ti millionar dollar, men bygningane blei for det meste ståande tomme. Anten var det ikkje bruk for dei eller ein mangla lokal kunne til å vedlikehalda dei.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Qalāt ved Geonames.org (cc-by), henta 2015-05-09
  2. «The State of Afghan Cities Report 2015». http://unhabitat.org/books/soac2015/. Henta 22 October 2015. 
  3. 3,0 3,1 J.J. Sutherland (18. juli 2006), A New Occupant for an Ancient Afghan Fortress, http://www.npr.org/templates/story/story.php?storyId=5565415 
  4. 4,0 4,1 «Zabul's no Kabul», The Economist, 7. juli 2005, http://www.economist.com/node/4158701 
  5. Bellew, Henry Walter (1862). Journal of a Political Mission to Afghanistan in 1857, Under Major Lumsden. Smith, Elder and Co. 
  6. Our Punjab Frontier: Being a Concise Account of the Various Tribes by which the North West Frontier of British India is Inhabited. Calcutta, India: Wyman Bros. Publishers. 1868. s. 26. 
  7. USAID/Afghanistan: First Airstrip in Zabul Province
  8. Spero, Domani. «Zabul Attack: Were They Walking in a Red Zone?». http://diplopundit.net/2013/04/09/zabul-attack-were-they-walking-in-a-red-zone-2/. Henta 2015-06-29. 
  9. «Zabul PRT opens new girls' school in Qalat > U.S. Air Forces Central Command > Article Display». http://www.afcent.af.mil/News/ArticleDisplay/tabid/136/Article/220975/zabul-prt-opens-new-girls-school-in-qalat.aspx. Henta 2015-06-29. 
  10. tSgt Jefferson, Oshawn (June 3, 2010). «Zabul Province completes projects for progress». http://www.afcent.af.mil/News/ArticleDisplay/tabid/136/Article/220265/prt-zabul-completes-projects-for-progress.aspx. 
  11. Burrington, Megan. «G.I. Dough: Money as a Weapons System». https://projects.propublica.org/cerp/projects/EA63C8F0-1517-911C-C5CB14C305898AA9. Henta 2015-06-29. 
  12. «The Army's $10M Afghanistan Flop». 2009-07-30. http://abcnews.go.com/International/story?id=8134149. Henta 2015-06-29.