Qalqas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Qalqas
قلقاس
kommune
Namneopphav: Potet-ruinen[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Hebron guvernement
Koordinatar 31°29′31.24″N 35°05′47.85″E / 31.4920111°N 35.0966250°E / 31.4920111; 35.0966250
Folketal 1 149  (2007)
Kart
Qalqas
31°29′31″N 35°05′48″E / 31.492011111111°N 35.096625°E / 31.492011111111; 35.096625

Qalqas eller Qilqis (arabisk قلقاس) er ein palestinsk landsby som ligg fire kilometer sør for Hebron ved Beit Hagai. Landsbyen ligg i Hebron guvernement, sør på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde landsbyen eit folketal på 1 149 i 2007.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja staden i 1863, og skildra han som «ruinane av ein stor landsby».[3]

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine staden Khurbet Kilkis med «murar og cisterner, og graver hogde ut i berget».[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 400
  2. 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.119.
  3. Guérin, 1869, s. 212, 257-258
  4. Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 358