Qanawat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om landsbyen. For kommunen i Damaskus, sjå Qanawat i Damaskus.
Koordinatar: 32°45′20″N 36°37′00″E
Qanawat
قنوات
by
Qanawat SYRIE 028.jpg
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement As Suwayda guvernement
Distrikt As-Suwayda-distriktet
Høgd 1 200 moh
Koordinatar 32°45′20″N 36°37′00″E
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Qanawat

Qanawat (arabisk skrift قنوات) er ein landsby i Syria, 7 km nordaust for As Suwayda. Han ligg kring 1 200 meter over havet, nær ei elv og omgjeven av skog. I antikken var Han ein hellenistisk-romersk by kalla Kanatha, Κάναθα på gresk.

Kart over Dekapolis som syner plasseringa til Kanatha (Qanawat).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hellenistisk og romersk historie[endre | endre wikiteksten]

Rabbostempelet
Sarkofagen i kyrkja frå 300- til 400-talet.

Byen er nemnt for første gongen i regjeringstida til Herod den store (første hundreåret fvt.), då arabiske nabatearar slo ein jødisk armé. Dei to maktene kjempa lenge om byen. Frå Pompeius si tid og fram til keisar Trajan, var byen ein del av Dekapolis, ein laus føderasjon av byar som romarane let ha eit visst sjølvstende. I det første hundreåret evt. vart han annektert av den romerske provinsen Syria, og på 100-talet vart han omdøypt Septimia Canatha av Septimius Severus, og overført til provinsen Arabia.[1]

Islamsk historie[endre | endre wikiteksten]

Byen var eit senter for kristendom i området, då han vart erobra av muslimske arabarar i 637. Han vart då mindre viktig og på 800-talet var han redusert til ein fattig landsby.

I 1596 står Qanawat oppført i osmanske skattelister som ein del av Badi Nasiyya nahiya i Hauran qada. Han hadde ein kristen folkesetnad som bestod av fem hushaldningar og ein muslimsk folkesetnad på 12 hushaldningar. Innbyggjarane omfatta òg ei gruppe beduinar. Skattane vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, geiter og/eller bikubar.[2]

Hovudattraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Dei omfattande ruinane frå antikken er 1500 meter lange og 750 meter breie. Mellom anna finst ei romersk bru og ei romersk teater, med ni seterader og scene som var nitten meter i diameter. Her finst òg ein nymphaeum, ein akvedukt og eit stort tempel med søylegang. Nordvest for byen ligg eit tempel frå seint på 100- eller tidleg på 200-talet, bygd på ein høg plattform kring ein søylegang. I fleire år trudde ein at dette tempelet var til ære for Helios, men ein inskripsjon oppdaga i 2002 syner at det var til ære for ein lokal gud, Rabbos.[3]

Monumentet Es-Serai (òg kalla Seraya, «palasset») er datert til kring 100-talet evt. og var opphavleg eit tempel, og frå 300-/400-talet ein kristen basilika. Han er 22 m lang med ein søylegang med atten søyler.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Qanawat» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juli 2014.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and Sør Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. 
  1. Ross Burns, The Monuments of Syria, I. B. Tauris, 3rd edition, 2009, s. 246-247
  2. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 218.
  3. Burns, s. 249.