Qaraounsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Qaraounsjøen
innsjø
Qaraounsjøen ligg bakom El Wauroun-dammen
Land  Libanon
By Qaraoun, Aitanit, Beirut 76 km unna
Stad Beqaadalen
 - høgd 861 moh.
 - koordinatar 33°34′11.63″N 35°41′51.18″E / 33.5698972°N 35.6975500°E / 33.5698972; 35.6975500
Areal 11,90 km²
Volum 220 000 000 m³
Type Vassreservoar
Kart
Qaraounsjøen
33°34′21″N 35°41′51″E / 33.5725°N 35.6975°E / 33.5725; 35.6975
Wikimedia Commons: Lake Qaraoun

Qaraounsjøen (arabisk بحيرة القرعون / Buḥayrat al-Qara‘ūn) er ein kunstig innsjø eller reservoar i den sørlege delen av Beqaadalen i Libanon. Han vart skapt nær landsbyen Qaraoun i 1959 då den 61 meter høge steinfyllte betongdammen vart bygd. Demninga er den største i Libanon og demmer opp Litani, den lengste elva i Libanon. Reservoaret vert nytta innan vasskraft used for hydropower generation (190 MW), drikkevasskjelde og kunstig vatning til eit område på 275 kvadratkilometer.[1][2]

Den årlege vasstilførselen frå Litani til Qaraounsjøen er 420 millionar kubikkmeter. Denne straumen vert nytta til vassenergi på 600 GWh ved tre vasskraftverk ved Markaba, Awali og Jun med ein total kapasitet på 190 MW. I tørketida vert 30 millionar kubikkmeter vatn omleidd frå Markaba kraftverk til eit vatningsprosjekt i Kassmieh.[3]

Kvart år vitjar kring 20 000 trekkfuglar innsjøen.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Den øvre Litani, der den kunstige innsjøen eller reservoaret er skapt med ein damp på kring 800 meter, ligg i det indre området i Beqaadalen, der høgda generelt ligg kring 650-1600 meter over havet, med fjelltoppar opp til 3 090 moh.[3]

Litani drenerer sørenden av Beqaadalen (eit framhald av Jordandalen), kryssar den sørlege utkanten av Libanonfjella og munnar ut i sjøen nord for Tyr, etter ei lengd på 170 km innafor Libanon. Det hydrografiske systemet i Libanon består av 40 store elvar i fem regionar, der Litanivassdraget dekkjr den austlege og sørlege delen. Elva munnar ut i havet i sørvestenden av området. Tilsigsområdet er 2120 kvadratkilometer, som dekkjer 20 % av landet.[3][4] Den kunstige innsjøen er skapt over den midtre delen av Litani. Litani er den lengste elva i Libanon i den sørlege enden av Beqaadalen.[1][2][3][5]

Området kring reservoaret består av jordbruksland på austsida, der det er åkrar og olivenlundar. Sauer og geiter beitar her òg. I den bratte vestsida av innsjøen finst frukthagar og beitemarker.[2]

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Den geologiske formasjonen ved damaksen og reservoaret består av kalkstein, mergel og alluvium med delvis karstisk og karstiske kalksteinar oppom reservoarområdet. Mergelen i reservoaret har låg permeabilitet.[6]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i nedslagsområdet til reservoaret er kontinentalt og 90% av nedbøren kjem mellom november og april, med mest nedbør i januar. Snø fell over kring 1500 meter. Årsnedbøren i Beqaadalen er kring 1500 mm i fjellområda til 700 mm i øvre dalen.

Reservoaret[endre | endre wikiteksten]

Qaraounreservoaret vart skapt av El Wauroun-demninga over Litani og dekkjer 11,9 kvadratkilometer. Han er den største kunstige innsjøen i Lubanon og ligg sør i den frodige Beqaadalen, med ein total kapasitet på kring 220 millionar kubikkmeter, og effektiv lagring på 160 millionar kubikkmeter. Reservoaret sørgjer for energi som dekkjer 7-10% av energibehovet i Libanon. Mykje av vatnet vert òg nytta til kunstig vatning. [3][4]

I 1999–2000 vart vasskvaliteten i reservoaret undersøkt frå 16 prøvar i elva og sideelvane. Det vart notert at fleire kloakkanlegg drenerte rett ut i elva. Råkloakk frå byane Baalbek, Houch el Rafqa, Qaa er Rim, Zahle, Chtoura, Qabb Elias, Bar Elias, Joub Jannine og Qaraoun flyt ut i Litani eller sideelvane. Forureininga er merkbar med dei rekordhøge verdiane av BOD5 (79 mg/L) og nitrat (1.7 mg/L) i Litani.[5]

Vegetasjonen nær innsjøen består av skog, frukthagar og kratt. Det er ikkje observert noko vegetasjon under vatn i periodar når vassnivået er lågt.[2]

Området har eit aktivt fugleliv, og kring 20 000 trekkfuglar som rovfugl, storkar, pelikanar og andre fugleartar er sett her. Kvitaugeand, steppehauk, storskrikørn, keisarørn og vipe er somme av fuglane som står på raudelista i området.[2]

El Wauroun-demninga[endre | endre wikiteksten]

Heile El Wauroun-demninga og Qaraounsjøen.

El Wauroun-demninga vart bygd i misten av Litani og skapte ein kunstig innsjø. Heile betongflata dekkjr 47 000 kvadratmeter og veggen har ein tjukkleik som varierer frå 50 cm ved botnen til 30 cm ved toppen. Overløpet i demninga er konstruerte for å handsame 450 millionar kubikkmeter vatn. Reservoaret har ein lagringskapasitet på 220 millionar kubikkmeter avtn, og vasshøgs ligg på det høgaste 858 meter over havet.[7]

Framtidig utvikling[endre | endre wikiteksten]

Vatn frå innsjøen er foreslått å integrerast i eit pumpelagringsprosjekt kalla «Qaraounsjøen-Marj et Taouil: Prosjekt». Planen går ut på å nytte vatn lagra i reservoaret til eit øvre reservoar, med ein 50,6 meter demning og ei maksimal vasshøgd på 1679 meter over havet.[8]

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

Det arkeologiske funnet Ain Jaouze ligg oppom Qaraounsjøen ved foten av Jebel Baruk på vestsida av vegen frå Chtaura til Jezzine.[9] Den jesuittiske arkeologen Auguste Bergy samla flint frå denne staden og indikerte at dei minna om dei som var funne i Byblos frå yngre steinalder.[10]

Turistmål[endre | endre wikiteksten]

På vestsida av innsjøen er det mange restaurantar og hotel som er populære på seinvåren og sommaren. Det er på denne tida mange båtar på innsjøen. Om vinteren, når vassnivået i innsjøen er høgt, vert båtar nytta til å jakte på fugl, hovudsakleg stork, hegre og lerker.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Qaraoun Village». aub.edu.lb. Henta 23. april 2011. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 «Lake Qaraoun». Birdlife.org. Henta 24. april 2011. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «Chapter 2. Assessing Libanon's Water Balance». International Development Research Centre (idrc). Arkivert frå originalen 12. mars 2010. Henta 25. april 2011. 
  4. 4,0 4,1 «Libanon». Aquasta - Fao.org. Henta 26. april 2011. 
  5. 5,0 5,1 «Libanon State of the Environment Report» (PDF). Ministry of Environment, Government of Libanon. Arkivert frå originalen (pdf) 21. juli 2011. Henta 25. april 2011. 
  6. International Commission on Large Dams; International Association for Hydraulic Research; International Commission on Irrigation and Drainage (2008). International journal on hydropower & dams. Aqua-Media International. s. 77–. Henta 26. april 2011. 
  7. International Commission on Large Dams; International Association for Hydraulic Research; International Commission on Irrigation and Drainage (2008). International journal on hydropower & dams. Aqua-Media International. s. 76–77. Henta 24 April 2011. 
  8. «Introducing Pumped Storage in Lebanon:Towards a Prospective National Master Plan» (pdf). Littani River Authority. Henta 24 April 2011. 
  9. Université Saint-Joseph (Beirut; Libanon) (1966). Mélanges de l'Université Saint-Joseph. Impr. catholique. Henta 14. august 2014. 
  10. Moore, A.M.T. (1978). The neolithic of the Levanten. Oxford University, Unpublished Ph.D. Thesis. s. 436–442.