Qardaha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 35°27′N 36°0′E
Qardaha
قرداحة
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Latakia guvernement
Distrikt Qardaha-distriktet
Nahiyah Qardaha
Høgd 330 moh.
Koordinatar 35°27′N 36°0′E
Folketal 8 671 (2004)
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Qardaha (arabisk قرداحة, Qardāḥah) er ein landsby nordvest i Syria, i fjella oppom kystbyen Latakia. Av stader i nærleiken finn ein Kilmakho i vest, Bustan al-Basha i sørvest, Harf al-Musaytirah i søraust og Muzayraa i nord. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Qardaha eit folketal på 8 671 i 2004.[1] Han har ein hovudsakleg alawittisk folkesetnad og er den heimbyen til Assad-familien,[2] som har styrt Syria sidan 1970.

President Hafez al-Assad, som regjerte frå 1970 til 2000, var fødd i Qardaha. Under Assad investerte styresmaktene store summar i Qardaha, Lattakia og det kringliggande området. I dag ser ein dette alt før ein kjem til Qardaha der den breide, syriske kysthovudvegen gjer uforklarleg sving inn i fjella slik at han akkurat når Qardaha. Qardaha har mange luksusvillaer. Mektige familiar i Qardaha er Al-Assad, al-Khayer, Othman, Shalish, Ismail, Jabbour, Maaliki, Nassif, Hatem, Suleiman, Deeb, Kina'an, Makhlouf, Aslan, Jarkas. Ein stor statue av Hafez al-Assad finst i sentrum av byen, og eit stort mauseoleum med gravene til Basil al-Assad og Hafez al-Assad ligg òg der. Hasan al-Khayer vart òg fødd i Qardaha.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den arameiske tydinga av Qardaha er den første landsbyen. Namnet Qardaha er fønikisk og tyder «staden som produserer og kvesser våpen». Fleire av landsbyane og stadane i Kystfjella har namn som opphavleg var fønikisk.[treng kjelde]

Det er sagt at blant tjerkessarane i Syria at byen Qardaha vart grunnlagd av tjerkessarar under mamelukk-sultanen Qansuh al-Ghawri. Bevis for dette kan ein sjå i dei mange tjerkessarane som budde i byen og heile fjellområdet. Det er til og med ei gate som heiter Tsjekessgata, i tillegg til ein stor familie med same namnet. Qardaha tyder på tjerkessisk «Velkomen».[treng kjelde]

Innbyggjarane i Qardaha stammer frå Kalbiyya-føderasjonen og byen tente som setneret for denne føderasjonen. Seint i osmansk tid, mellom 1840 og 1880, auka spaninga mellom styresmaktene og alawittarfolket i kystfjella kraftig. I 1854 1854 vart den osmanske guvernøren i Latakia sanjak («Latakia-distriktet») drepen i ein væpna konfrontasjon mellom styresmaktene og folk frå den Qardaha-baserte stamma. Dette gav mot til dei stridande frå Kalbiyya, som utførte fleire raid mot osmanske stillingar, noko som fekk styresmaktene til å reagere brutalt.[2]

I 1970 fekk Qardaha bystatus i lag med al-Shaykh Badr og Duraykish. I lag utgjer dei kring 6% av den totale urbane folkesetnaden i dei to kystguvernemententa, Latakia og Tartus. Dei tre byane er setet i sine eigne, nydanna distrikt (mantiqah).[2] I følgje den franske antropologen Fabrice Balanche, synte Ba'athist-styret som fekk makta i 1960-åra, ei favorisering av desse tre byane, som alle var alawittiske, og særleg Qardaha.

Den 24. april 2013 vart landsbyen angripen med rakettar av opprørarar under den syriske borgarkrigen.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Latakia guvernement. (arabisk)
  2. 2,0 2,1 2,2 Balanche, Fabrice (2006). La région alaouite et le pouvoir syrien (PDF) (på fransk). Karthala Editions. ISBN 2845868189. 
  3. «Syria’s Civil War: Yet another massacre». The Economist. 27. april 2013.