Karmatane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Qarmatane)

Karmatane (arabisk قرامطة, qarāmita) var ei synkretistisk religiøs gruppe som kombinerte element av den ismailiske sjiamuslimske greina av islam med persisk mystisisme. Gruppa var sentrert i Al-Hasa (Aust-Arabia), der dei grunnla ein religiøs utopisk republikk i 899. Dei er mest kjende for opprøret sitt mot abbasidane. Mekka vart plyndra av leiaren deira, Abū-Tāhir Al-Jannābī,[1] og skapte raseri i den muslimske verda, særleg då dei stal Den svarte steinen og skjenda av Zamzambrunnen med lik under hajj-høgtida i 930.

Karmatane vart òg kjend som «grønsakshandlarane» (al-Baqliyyah) på grunn av den strenge vegetardietten deira.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]