Qatabansk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Qatabansk
Klassifisering: Afro-asiatiske språk
 semittisk
  Sørsemittisk
   Vestleg
    Gammalasørarabisk
Bruk
Område: Jemen, 800 f.Kr.–200
Språkkodar
ISO 639-3: xqt
Glottolog: qata1238

Qatabansk var eit semittisk språk som vart talt i kongeriket Qataban, som låg sentralt i dagens Jemen.

Det er eit av dei betre dokumenterte av dei gamle sørarabiske språka, og er kjent frå tida mellom 800 f.Kr. og 200 e.Kr. Ein har funne rundt to tusen inskripsjonar i det gamle sørarabiske alfabetetet kjend som musnad. Ein har hovudsakleg funne desse innskriftene i Wādī Bayhān og Wādī Ḥārib søraust for Ma'rib, og frå platået sør for dette området. Talet på qatabanske inskripsjonar auka frå byrjinga av 300-talet f.Kr., då Saba fekk mindre innverknad i området og Qataban blei eit sjølvstendig rike.

Qatabansk blei tala frå Jabal al-'Awd (nær Zafar) i sørvest, og ifølgje greske og latinske forfattarar heilt til Bāb al-Mandab ved Raudehavet. Ved slutten av 100-talet, då Saba og Hadramawt erobra Qataban, tok innskriftene slutt.[1]

Talord[endre | endre wikiteksten]

Qatabansk har ei uvanleg form for talet «ein» - ṭd, fem. ṭt. Dette har ikkje nokon kjend kognat i nokre av dei gamle semittiske språka, sjølv om det finst i moderne sørarabiske språk (som shehri/jibbālī ṭad, fem. ṭit). Qatabansk har også eit anna or for «ein», ˤs1tn, som har ein kognat i ma'insk ˤs1t[2](og i former på akkadisk, ugarittisk og hebraisk).[3] Dei qatabanske formen for «tre» og «seks» er dei same som dei gammalsabeiske orda: s2lṯ (fem. s2lṯt) og s1dṯ (fem. s1dṯt).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Leonid Kogan og Andrey Korotayev: Ṣayhadic Languages (Epigraphic South Arabian). Semitic Languages. London: Routledge, 1997, s. 157-183.
  2. Nebes and Stein: Ancient South Arabian, in The Ancient Languages of Syria-Palestine and Arabia, s. 163
  3. Giovanni Mazzini: Some Qatabanian Lexical Items. I: Aula Orientalis, 29 (2011), s. 121-129.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Stephen D. Ricks: Lexicon of Inscriptional Qatabanian. Rome, Pontificio Instituto Biblico, 1988.ISBN 978-8876535703
  • Leonid Kogan and Andrey Korotayev: Sayhadic Languages (Epigraphic South Arabian). Semitic Languages. London: Routledge, 1997, pp. 157–183.
  • N. Nebes, P. Stein: Ancient South Arabian, in: Roger D. Woodard (Hrsg.): The Cambridge encyclopedia of the World's ancient languages Cambridge University Press, Cambridge 2004 ISBN 0-521-56256-2.
  • Peter Stein: Ancient South Arabian. In: Stefan Weninger (Hrsg.): The Semitic Languages: An International Handbook. De Gruyter Mouton, Berlin 2011, ISBN 3110186136, pp. 1042–1073.
  • Alessandra Avanzini: Corpus of South Arabian Inscriptions I-III. Qatabanic, Marginal Qatabanic, Awsanite Inscriptions (Arabia Antica 2). Ed. PLUS, Pisa 2004. ISBN 88-8492-263-1.