Qatanna
Qatanna | |||
قطنّه, Qatanaa, Qatna | |||
kommune | |||
Namneopphav: Vesle[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Jerusalem guvernement | ||
Koordinatar | 31°49′53.48″N 35°06′31.76″E / 31.8315222°N 35.1088222°E | ||
Areal | 3,6 km² | ||
Folketal | 7 500 (2006) | ||
Folketettleik | 2 083 / km² | ||
Qatanna 31°49′53″N 35°06′32″E / 31.831522222222°N 35.108822222222°E | |||
Kart som viser Qatanna.
|
Qatanna (arabisk قطنّه) er ein palestinsk by sentralt på Vestbreidda i Jerusalem guvernement, 12 kilometer nordvest for Jerusalem. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på kring 7 500 innbyggjarar i 2006.[2]
Qatanna ligg 650 meter over havet. I nærleiken ligg Biddu i aust og Beit Liqya i nord.[3]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Qatanna har vore busett sidan romersk og bysantinsk tid med fleire gamle vegar og mange gravholer.[4]
Osmansk tid
[endre | endre wikiteksten]Han vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og Qatanna stod oppført i osmanske skattelister i 1596 som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 12 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, oliven, tilfeldige inntekter, geiter og/eller bikubar.[5]
I 1863 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen og estimerte at han hadde kring 250 innbyggjarar.[6]
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine staden som ein «liten landsby i ein djup, smal dal, med fine olivenlundar og grønsakshagar.»[7]
Det britiske mandatet
[endre | endre wikiteksten]I folketeljinga i 1922 hadde Qatanneh 633 innbyggjarar, alle muslimarar.[8] Dette hadde auka i folketeljinga i 1931 til 875, framleis alle muslimar, i 233 hus.[9]
I 1945 Qatanna eit folketal på 1 150, alle arabarar, med 9 464 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 1 829 mål var plantasjar og irrigert land, 1 603 nytta for korn,[11] medan 32 mål vart utbygd land.[12]
Etter 1967
[endre | endre wikiteksten]Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, vart mykje av landområdet til Qatanna erklært eit «ingenmannsland» som utgjorde ein del av den demilitariserte sonen mellom våpenkvilelinjene i israelsk og jordansk territorium. Etter 1995 vart 716 mål av landområdet til Qatanna overført til Den palestinske sjølvstyresmakta.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Qatanna» frå Wikipedia på engelsk, den 29. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1883). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 3. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Guérin, Victor (1868). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 1: Judee, pt. 1. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- ↑ Palmer, 1881, s. 297
- ↑ Projected Mid -Year Population for Jerusalem guvernement by Locality 2004- 2006 Arkivert 2012-02-07 ved Wayback Machine. Palestinsk statistisk sentralbyrå.
- ↑ 3,0 3,1 The effects of the israelske practices on the palestinske landsbyen Qatanna Arkivert 2015-09-30 ved Wayback Machine. Applied Research Institute - Jerusalem. 22. juni 2006.
- ↑ Nagorsky, 2008, Nahal Kefira, Survey Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine.
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 113
- ↑ Guérin, 1868, s. 283
- ↑ Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 17
- ↑ Barron, 1923, Table V||, Subdistrict of Jerusalem, s. 15
- ↑ Mills, 1932, s. 42
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 58
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 104
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 154