Qazvin-provinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Qazvin-provinsen
استان قزوین
Provins
View over Lake Ovan.jpg
Land Flag of Iran.svg Iran
Region Region 1 [1]
Fylke 6
Hovudstad Qazvin
Areal 15 567 km²
Folketal 1 201 565 (2011)
Folketettleik 77 / km²
Tidssone IRST (UTC+03:30)
 - Sommartid IRST (UTC+04:30)
Språk persisk
aserbajdsjansk
kurdisk
tatisk
lurisk

Qazvin-provinsen
36°16′10″ N 50°0′10″ E
Wikimedia Commons: Qazvin Province

Qazvin-provinsen (persisk استان قزوین, Ostān-e Qazvīn) er ein av 31 provinsar i Iran. Han ligg nordvest i landet og provinshovudstaden er byen Qazvin. Provinsen vart oppretta i 1993 ut av delar av Teheran-provinsen og omfattar 20 byar: Qazvin, Takestan, Abyek, Buin-Zahra, Eqhbalieh, Mohammadieh, Alvand, Esfarvarin, Mahmood Abad Nemooneh, Khoram Dasht, Ziä Abad, Avaj, Shäl, Danesfahan, Abgarm, Ardägh, Moallem Keläyeh, Razmian Kouhin og Bidestan fordelt på fire bydistrikt, 18 distrikt, 44 landsdistrikt og 1 543 landsbyar.

Provinsen vart plassert i Region 1 i 2014.[1]

Provinsen har kring 1,2 millionar innbyggjarar i 2011, der kring 68 % bur i byar og kring 32 % i landsbyar. 99,61 % av folkesetnaden var muslimar.

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Provinsen dekkjer eit areal på 15 821 km² og grensar i nord til Mazandaran og Gilan, i vest til Hamedan og Zanjan, i sør til Markazi og i aust til Teheran-provinsen.

Av fjell i provinsen finn ein Siälän, Shäh Alborz, Khashchäl, Sephidkouh, Shojä e din, Alehtareh, Rämand, Ägh dägh, Kharaghän, Saridagh, Soltan pïr og Siähkouh, der Siälän er det høgaste med ei høgd på 4 175 meter over havet. Alle er ein del av den sentrale fjellkjeda Alborz. Det lågaste punktet i provinsen er i Tärom e Soflä.

Klimaet i provisnen er kaldt og sørikt om vinterne i nord med tempererte somrar. I sør er klimaet mildt med nokså kalde vintrar og varme somrar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]