Qesemgrotta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Qesemgrotta
מערת קסם
grotte
Land  Israel
Distrikt Sentralt
Stad 12 km aust for Tel Aviv
 - høgd 90 moh.
 - koordinatar 32°07′N 34°59′E / 32.11°N 34.98°E / 32.11; 34.98
Geologi Kalkstein
Kart
Qesemgrotta
32°07′N 34°59′E / 32.11°N 34.98°E / 32.11; 34.98
Wikimedia Commons: Qesem Cave

Qesemgrotta er ei grotte 12 km aust for Tel Aviv i Israel som var busett i eldre steinalder og tidlege menneske frå før 382 000 til kring 200 000 år sidan.

Grotta vart senter i ein kontroversiell episode då aviser i desember 2010 rapporterte at israelske og spanske arkeologar hadde funne dei tidlegaste spora av det moderne menneske, men det viste seg at journalistane hadde attgjeve den vitskaplege rapporten unøyaktig og det stod ingen stader i rapportane at det var snakk funn av homo sapiens.[1][2]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Utgravingar i Qesemgrotta i 2012.

Grotta ligg i kalkstein i vestsida av fjella i Israel mellom Samariaåsane og Den israelske kystsletta.[3][4] Ho ligg 90 meter over havet.

Avleiringane på staden er 7,5 meter djupe og delt inn i to lag. Det øvre er 4,5 meter tjukt og det nedre 3 meter. I avsetjingane har ein funne steinreiskap og dyrerestar frå Acheuléen-Yabrud-komplekset. Dette er ein periode som kjem etter acheuléen, men før moustérienkulturen. Det er ikkje funne spor frå moustérienkulturen i grotta.[3][4]

Grotta vart funnen i oktober 2000 då bygging av ein veg øydela taket av grotta. Dette førte til to redningsutgravingar i 2001. I dag er staden verna, tildekt og det vert framleis undersøkt.[5]

Nokre av dei eldste funna av kontrollert eld er funne på denne staden, med ein 300 000 år gammal eldplass sentralt i grotta.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Watzman, Haim (31. desember 2010). «Human remains spark spat». Nature. doi:10.1038/news.2010.700. Henta 3. oktober 2014. 
  2. Zimmer, Carl (December 29, 2010). «Oldest Homo sapiens fossil? Journalistic vaporware». Arkivert frå originalen 29. april 2014. Henta 3. oktober 2014. 
  3. 3,0 3,1 Barkai R, Gopher A, Lauritzen SE, Frumkin A (June 2003). «Uranium series dates from Qesem Cave, Israel, and the end of the Lower Paleolithium» (PDF). Nature 423 (6943): 977–9. PMID 12827199. doi:10.1038/nature01718. [daud lenkje]
  4. 4,0 4,1 Gopher A, Barkai R, Shimelmitz R, Khalaily M, Lemorini C, Heshkovitz I, et al., (2005). Qesem Cave: An Amudian Site in Central Israel[daud lenkje]. Journal of The Israel Prehistoric Society, 35:69-92
  5. Qesem Cave Project Excavations[daud lenkje]
  6. Gannon, Megan. «Ancient Hearth Found In Israel Dates Back 300 000 Years, Scientists Say». Huffington Post. Henta 28. januar 2014. 

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]