Qian Xueshen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Qian Xueshen
Tsien Hsue-shen.jpg
Fødd11. desember 1911
Hangzhou
Død31. oktober 2009
Beijing
NasjonalitetFolkerepublikken Kina
Områdeaeronautikk
Yrkeastronautical engineer, ingeniør
InstitusjonarCalifornia Institute of Technology
Alma materNational Chiao Tung University
California Institute of Technology
Massachusetts Institute of Technology
The High School Affiliated to Beijing Normal University
Jiaotonguniversitetet i Shanghai
DoktorgradsrettleiarTheodor von Kármán
EktefelleJiang Ying
MedlemChinese Academy of Engineering
American Academy of Arts and Sciences
Academic Division of Mathematics and Physics of the Chinese Academy of Sciences

Qian Xuesen (fødd 11. desember 1911 i Hangzhou i Kina, død 31. oktober 2009 i Beijing,[1]) var ein kinesisk vitskapsmann som var aktiv i missilprogrammet til både USA og Folkerepublikken Kina.

Qian studerte først ved Jiaotong-universitetet i Shanghai, der han tok ein eksamen i maskinteknikk i 1934. Han kom til USA i 1936 for å studere ved California Institute of Technology, der han fekk doktorseksamenen sin i 1939. Etter at han hadde undervist ved Caltech og MIT vart han tilsett av krigsprogrammet til USA og bestod den naudsynte tryggleiksklareringa.

Han vart ein av grunnleggjarane av Jet Propulsion Laboratory i 1943, som arbeidde med å utvikle våpen mot det tyske V-2-programmet. Etter slutten av andre verdskrigen vart han sendt til Tyskland av den amerikanske regjeringa for å intervjue og lære av tyske vitskapsmenn som Werner von Braun. Etter tilbakekomsten sin til USA i 1949 vart Qian skulda for kommunistiske sympatiar. Han vart fengsla og vart lauslaten først i 1955 i byte mot amerikanske krigsfangar frå Koreakrigen.

Etter heimkomsten til Kina vart han engasjert i rakett- og missilprogrammet til staten, og han vart medlem av Kinas kommunistiske parti i 1958. Han blir òg rekna som opphavet til det kinesiske romfartprogrammet.

I 1980-åra vart Qian kjent som ein varm talsmann for qigong, som etter meininga hans kunne vidareutviklast med hjelp av marxistisk filosofi.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Father" of China's space program dies aged 98, Reuters.
  2. David A. Palmer, Qigong fever: body, science, and utopia in China (New York : Columbia University Press, c2007), s.108f.