Qigong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Qigong-utøvar i 1931

Qigong eller qi gong (tradisjonell kinesisk: 氣功; forenkla kinesisk: 气功; pinyin: qìgōng) er puste- og rørsleteknikkar som vart utvikla i Kina for fleire tusen år sidan.

Qi er det kinesiske ordet for livskraft eller livsenergi. Gong kan omsettjast med å praktisere eller arbeide med.

Teknikkane er ein del av tradisjonell kinesisk medisin, og skal gjere kroppen betre i stand til å lekje seg sjølv. Energibanane i kroppen skal verte stimulert slik at livsenergien (qi) kan straume friare. Dette skal gje indre balanse og avspenning i kroppen og i sinnet, og påverke indre organ og livsprosessar på ein positiv måte.