Qilakitsoq

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Qilakitsoq
busetnad
Land  Grønland
Kart
Qilakitsoq
70°36′31″N 52°10′55″W / 70.6086°N 52.1819°W / 70.6086; -52.1819
Kart over Grønland som viser kvar Qilakitsoq ligg
Kart over Grønland som viser kvar Qilakitsoq ligg
Kart over Grønland som viser kvar Qilakitsoq ligg
Wikimedia Commons: Qilakitsoq

Qilakitsoq er ein forlaten inuittbuplass på Nuussuaq-halvøya på vestkysten av Grønland, 450 km nordanfor polarsirkelen. Buplassen er kjend for funnet av åtte mumifiserte lik frå Thulekulturen der i 1972. Mumiane frå Qilakitsoq gav viktig innsikt i livet for inuittar som levde for 500 år sidan i Thulekulturen.

Mumiane er no stilte ut ved Grønlands Nationalmuseum og Arkiv i Nuuk. Utstillinga viser funnomstenda og dei mange andre draktdelane som følgde desse menneska til grava. Museet i Uummannaq har òg ei utstilling om funnet og kopiar av kleda til mumiane.

Qilakitsoq ligg i nærleiken av byen Uummannaq på nordkysten av halvøya Nuussuaq, i ei beskytta bukt i Uummannaq Kangerlua (Uummannaqfjorden). Det grønlandske namnet betyr 'Himmelen heng lågt', noko som kanskje viser til dei kringliggande steile klippene og den hyppige skodda som opptrer her.

Inoceramus steenstrupi

I 1952 blei verdas største musling funnen i Qilakitsoq-dalen. Han var eit 83 millionar år gammalt og 1,87 meter langt fossil som blei kalla Inoceramus steenstrupi. Den eine halvdelen av muslingen er no stilt ut på Grønlands Naturinstitutt, den andre er på Geologisk Museum i København. Muslingfossilet låg i nokre store kalksteinsblokker som ein gong har falle ned frå eit punkt 800 meter høgare oppe.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste skildringa av Qilakitsoq (som europearane fyrst kalla «Killekitok») stammar frå 1789, like etter grunnlegginga av Uummannaq. På denne tida var Qilakitsoq, som andre buplassar, berre folkesett om vinteren. Innbyggjarane kan reknast å høyra til Thule-kulturen. Den siste omtalen av ein busetnad ved Qilakitsoq er frå 1811. Kort tid seinare forlet den tilhøyrande befolkninga staden. Dette kan ha vore på grunn av konkurranse om viltet frå europearane som fanga kval i nett i store mengder.

Allereie i 1903 var Qilakitsoq kjent av arkeologar, ettersom den dåverande kolonistyraren sende nokre gjenstandar til Nationalmuseet i København. Dette omfatta hushaldsartiklar og jaktreiskapar av nyare dato.[2]

I 1972 kom brørne Hans og Jokum Grønvold, som var ute på rypejakt, over to tildekte graver med velbevart innhald i ei overdekka klippespalte. Dei underretta styresmaktene, og i 1978 var det gjort klar ein arkeologisk ekspedisjon til den første undersøkinga. Karbon 14-prøver viste at grava var frå mellom 1425 og 1525. Innhaldet frå gravene blei sendt til København, der det blei analysert nøyare. Funnet blei sendt tilbake til Landsmuseet i Nuuk i 1982.

Det blei funne seks vaksne kvinner og to barn i gravene. Det er ikkje funne inuittmenneske frå noko tidlegare tidspunkt. Mumifiseringa fann stad på grunn av den låge luftfukta og dei låge temperaturane på stade. Denne «frysetørringa» bevarte skinnkleda og mykje av dei organiske delane av menneska.

På grunnlag av vevstypeundersøkingar har ein funne ut at personane i gravene er tre eldre søstrer på omkring 50 år med tre døtrer på 18-30 år og to barnebarn. Alt tyder på at det er ein vanleg familiegravstad. Personane var normale for samtida si. Dei vaksne kvinnene var omkring 150 cm høge, likt levande inuittar seinare. Dei var tatoverte i ansikta, noko ein veit inuitkvinner gjorde på 1600- og 1700-talet, og i seinare tid òg folk frå Canada og Alaska. Det same gjaldt klesdrakten.[3]

Mumiane[endre | endre wikiteksten]

Qilakitsoq-mumiane ved Nationalmuseet i Nuuk
Selskinnsanorakken til ei av kvinnene i grava, karbondatert til kring 1475.

Mumiane frå gravstaden i Qilakitsoq blei nummererte som under:

I/1 Gutebarn på kring 6 månader

Denne best bevarte mumien blei opphavleg tatt for ei dokke av dei oppdagingsreisande. Han var truleg den best bevarte fordi kroppen var mindre. Dette er truleg barnet til I/4 og II/7 . Ein har gjetta at det etter at mora døydde blei levande gravlagd eller kvelt, noko som var vanleg for barn på opptil 2 år, for å unngå ein sakte død av svolt.

I/2 Gut på fire år

Det er òg mogleg at denne guten, som truleg var son av I/3, blei levande gravlagd. Han hadde sannsynlegvis Down-syndrom, og det var ein utbreidd skikk å setja ut funksjonshemma barn på dette tidspunktet. Det er ingen prov på kveling som dødsårsak. Guten kan òg ha døydd som indirekte følgjer av syndromet sitt. Det er teikn på at denne mumien blei flytta etter døden.

I/3 Kvinne på 20-30 år

Ho er truleg dotter av II/6 eller II/8, og ikkje som først antatt ei syster av I/4. Kroppen til denne kvinna er stilt ut i museet i Nuuk. Moglege dødsårsaker er ein nyrestein eller forstopping.

I/4 Kvinne på over 30 år

Denne mumien er også godt bevart, og kan sjåast i Nuuk. Det kan vera ei syster av II/7.

Gift kvinne frå 1654. Tatoveringane hennar liknar dei til mumiane.
I/5 Kvinne på kring 50 år

I følgje DNA-analyser var ikkje denne kvinna maternelt i slekt med nokre av dei andre.

II/6 Kvinne på kring 50 år

Denne kvinna er truleg ei syster av II/8. Tatoveringane hennar skil seg tydeleg frå dei til dei andre kvinnene.

II/7 Kvinne på kring 20 år

Denne kvinna kan ha vore ei syster av I/4. Ho var som den einaste vaksne kvinna ikkje tatovert, noko som kan koma av at ho var ugift.[4] Ein fann næringsstoff i tarmen hennar. Som forventa var delen av plantenæringsstoff låg, men overraskande fann ein pollen frå tre som ikkje veks i området.[5] I lungene var det meir sot enn hjå samtidige storbymenneske, noko som har kome av seloljelampa ein nytta i bustadane. Mumien er i samanlikning med den velbevarte klesdrakten relativt dårleg bevart. Sjølv om ein undersøkte organa hennar grundig, kunne ein ikkje finna dødsårsaka.

II/8 Kvinne på kring 50 år

Denne mumien er særs dårleg bevart. Det kan vera ei syster av II/6. Kvinna hadde ein vondarta svulst i eit sluttstadium, som må ha kompromittert høyrsle og syn. Ho hadde òg eit dårleg lega skulderbrot. Den dårlege helsetilstanden hennar kan vera dødsårsaka. Som hjå dei andre eldre kvinneme mangla fleire tenner. Tennene til alle dei eldre kvinnene var også tydeleg nedslitne. Dette kom av at tennene var ein viktig reiskap i samband med skinn og blei brukt ved avhåringa. Slitet på tennene var ein trussel mot livet til kvinnene, ettersom maten deira ofte var rå og vanskeleg å tygga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hovedbygningen». Grønlands Naturinstitut. Henta 8. maj 2013. 
  2. H.C. Gulløv, Jørgen Melgaard, Jens Peder Hart Hansen, Jørgen Meldgaard, Jørgen Nordqvist: Inuit and Norsemen, The Greenland Mummies – British Museum Publications, London, 1991 Side=34, ISBN=0-7141-2500-8
  3. Axel Kjær Sørensen J. P. H. Hansen, J. Meldgaard og J. Nordqvist (red,): Qilakitsoq. De grønlandske mumier fra 1400-tallet. (Grønlands Landsmuseum. Christian Ejlers' Forlag, 1985). 216 s. ill. Arkivert 22. februar 2021 ved Wayback Machine.
  4. H. Kapel, N. Kromann, F. Mikkelsen, E. Løytved Rosenløv, Jens Peder Hart Hansen, Jørgen Meldgaard, Jørgen Nordqvist: "Tattoing, The Greenland Mummies" side 115, 1991, British Museum, ISBN=0-7141-2500-8
  5. Don S Lin, William E Connor: Fecal steroids of the coprolite of a Greenland Eskimo mummy,AD 1475: a clue to dietary sterol intake. In: American Society for Clinical Nutrition (Hrsg.): American Journal of Clinical Nutrition. 74, 2001, S. 44–49