Qingyang
Qingyang | |||
byprefektur | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Areal | 27 117,27 km² | ||
Folketal | 2 211 191 (2010) | ||
![]() Qingyang 35°43′40″N 107°38′24″E / 35.727777777778°N 107.64°E | |||
Wikimedia Commons: Qingyang |
Qingyang (kinesisk skrift 庆阳市, pinyin Qìngyáng Shì) er eit byprefektur aust i provinsen Gansu i den vestlege delen av Folkerepublikken Kina. Byprefekturet har eit areal på 27 119 km² og hadde 2 211 191 ibuarar i 2010.
Byprefekturet Qingyang omfattar eitt distrikt (区 qū) og sju fylke (县 xiàn).
Historie
[endre | endre wikiteksten]Qingyang var del av det området der dei eldste kulturane langs Huang He utvikla seg, og høyrde inn under det opphavlege kjerneområdet for staten Qin, ei statsdanning som etterkvart skulle samle Kina under Qin-dynastiet.
Prefekturet var også viktig under den kommunistiske revolusjon i 1930- og 1940-åra.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Olje og naturgass er grunnleggjande for økonomien i Qingyang. Esel, sau, storfe og mjølk er dei viktigaste dyra og produkta i husdyrhaldet; det vert dyrka aprikos, ulike grønsaker og bær.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Riksveg 211 i Kina går gjennom området. Han fører frå Yinchuan i den autonome regionen Ningxia Hui, til Xi'an i provinsen Shaanxi.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Qingyang» frå Wikipedia på engelsk, den 19. august 2012.