Qiongzhousundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Qiongzhousundet
forenkla kinesisk 琼州海峡, tradisjonell kinesisk 瓊州海峽
sund
Leizhou peninsula.jpg
Satellittfoto av Qiongzhousundet
Land Flag of the People's Republic of China.svg Kina
Del av Sør-Kina-havet
Breidd 30 km
Wikimedia Commons: Qiongzhou Strait

Qiongzhousundet, også kalla Hainansundet, er farvatnet som skil Leizhouhalvøya i Guangdong i sørlege Kina frå nordenden av øya Hainan i sør. Sundet, som i gjennomsnitt er 30 km breitt,[1] bind saman Tonkinbukta i vest med Sør-Kina-havet. Gjennomsnittleg djupne er på 44 meter.[2] Den største djupna er rundt 120 m.[3]

Sundet er utsett for tyfonar, og kan stengjast for ferdsle av dei..[4] Medan ei bru over sundet var under planlegging tidleg på 2000-talet, blei ho ikkje bygd. Det går ferjer mellom Guangdong og Hainan som tek med seg tog og bilar. Sidan uvêr kan stoppa fejetrafikken har ein stadig diskutert bygging av bru eller tunnel.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «China to bridge the Qiongzhou Strait at a cost of 140 Billion RMB (我国将在琼州海峡建首座跨海大桥 投资超1400亿)» (på kinesisk). Sohu. 1. september 2010. Henta 10. januar 2011. 
  2. «Landeskunde - Meere». Arkivert frå originalen 2011-08-30. Henta 6. september 2010. 
  3. «The Role of Qiongzhou Strait in the Seasonal Variation of the South China Sea Circulation» (PDF). January 2002. Arkivert frå originalen (PDF) 20. juli 2011. Henta January 10, 2011. 
  4. «Typhoon Chanthu lands on south China». Enbar.net. 22. juli 2010. Arkivert frå originalen 23. juli 2011. Henta 14. august 2010. 
  5. «Hainan travel chaos: Is it time to build the cross-strait subsea tunnel?». 8. juni 2018. Henta 8. juni 2018.