Hopp til innhald

Qom-provinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Qom
قم
Provins
Land  Iran
Region Region 1[1]
Fylke 1
Hovudstad Qom
Areal 11 526 km²
Folketal 1 292 283 (2016)[2]
Språk persisk, aserbajdsjansk
Tidssone IRST (UTC+03:30)
   Sommartid IRST (UTC+04:30)
Kart
Qom-provinsen
34°38′44″N 50°52′47″E / 34.6456°N 50.8798°E / 34.6456; 50.8798
Kart som viser Qom-provinsen.
Kart som viser Qom-provinsen.
Kart som viser Qom-provinsen.
Wikimedia Commons: Qom Province

Qom-provinsen (persisk استان قم Ostān-e Qom) er ein av 31 provinsar i Iran. Han har ei flatevidd på 11 237 km², som dekkjer 0,89 % av heile landet. Provinsen ligg nord i landet og provinshovudstaden er byen Qom. Han vart skipa frå delar av Teheran-provinsen i 1995. I 2011 hadde provinsen 1,1 millionar innbyggjarar og av desse budde 95,2 % i urbane strøk og 4,8 % på landsbygda.[3] Provinsen har berre ein by, men fire fylke, ni landdistrikt og 256 landsbyar.

Provinsen vart plassert i Region 1 i 2014.[1]

Klimet i Qom-provinsen varierer mellom ørken- og halvørken-klima, og består av fjellområde, åsar og sletter. Sidan det ligg nær eit tørt område, og langt inne i landet, er klimaet tørt med låg luftfukt og lite nedbør. Jordbruk er derfor ikkje mogeleg i det meste av området, særskild nær saltsjøane. Det ligg to store saltsjøar i Qom-provinsen, nemleg Howz e Soltan, som ligg 36 km nord for Qom, og Namaksjøen, som ligg 80 km aust for Qom. Nesten ein femtedel av Namaksjøen ligg innafor Qom-provinsen.

  1. 1 2 همشهری آنلاین-استان‌های کشور به ۵ منطقه تقسیم شدند
  2. «جمعیت به تفکیک تقسیمات کشوری». Irans statistiske sentralbyrå (på persisk). Henta 29. oktober 2023.
  3. Selected findings of National Population and Housing Census 2011 Arkivert 31. mai 2013 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Qom-provinsen