Qué Pasa av Babe Ruth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Que Pasa
Studioalbum av Babe Ruth
Utgjeve 2007
Innspelt 2006
Studio Some Studios i Nashville i USA og Audio Sorcery i Groombridge i England
Sjanger Rock
Lengd 61:45
Selskap Revolver Records (2009)
Produsent Alan Shacklock
Babe Ruth-kronologi 
Kid's Stuff
(1976)
Que Pasa


Que Pasa er det sjette studioalbumet til den engelske rockegruppa Babe Ruth, gjeve ut i 2007.

Mellom seint i 2005 og tidleg i 2006, kom det originale Babe Ruth, med Janita Haan, Dave Hewitt, Alan Shacklock, Dave Punshon og Ed Spevock saman att for å spele inn eit nytt album, tretti år etter det førre.[1] Alle utanom Spevock møttest i Nasvhille i USA, medan Spevock spelte trommene sine inn i London. Albumet var ferdig i september 2006, og vart tilgjengeleg digitalt på den offisielle nettsida til bandet i 2007. 11. august 2009 kom albumet ut i fysisk format på Revolver Records.

«Mother Tongue» er delt inn i part 1 og part 2, skild av ein coverversjon av instrumentale «Apache» av The Shadows.

Bandet la ut på ein suksessrik turné i Canada i juli 2010.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Alan Shacklock, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLengd
1.«4 Dear Life»6:45
2.«Que Pasa»5:03
3.«Sun Moon and Stars»5:50
4.«Mother Tongue - Part 1»2:18
5.«Apache» (Jerry Lordan)1:47
6.«Mother Tongue - Part 2»4:35
7.«Doncha Wanna Dance»5:28
8.«Break for the Border»5:33
9.«Killer Smile»5:30
10.«4 Letter Word»5:32
11.«The Blues»7:34
12.«Mexican Millenium - Part 1»3:04
13.«Santa Ana»2:10
14.«Mexican Millenium - Part 2»0:36

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Babe Ruth
  • Janita Haan - vokal
  • Alan Shacklock - gitar, klaverinstrument, programmering, produsent og miksar.
  • Dave Punshon - piano
  • Dave Hewitt - bass
  • Ed Spevock - trommer
Gjestemusikar
  • Kim Shacklock - sopranvokal (1-3)
  • DJ Kidsmeal - turntables (2-7)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]