Qu Yunxia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Qu Yunxia
Fødd 25. desember 1972 (49 år)
Jinzhou
Yrke mellomdistanseløpar, friidrettsutøvar

Qu Yunxia (fødd 25. desember 1972) er ein kinesisk tidlegare friidrettsutøvar frå Liaoning-provinsen som vart verdsmeister på 3 000 meter i 1993 og tok bronsen på 1500 m under Sommar-OL 1992.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Qu vart lagt til merke fyrste gongen då ho vann 1500 m under junior-VM 1990 i Plovdiv, 17 år gammal. To år seinare tok ho bronsemedaljen på 1500 meter då Sommar-OL 1992 fann stad i Barcelona, like bak russiske Ljudmila Rogatsjova, men klart slått av gullvinnar Hassiba Boulmerka frå Algerie. Året etter vann Qu 3 000-meteren under VM i friidrett 1993 i Stuttgart, to landskvinner plukka dei andre medaljane. Den 9. november 1993 sette ho med den fabelaktige tida 3.50,46 ny verdsrekord på 1500 meter under Kina-leikane i Beijing. Eit par dagar seinare i dei same leikane vart ho nummer to på 3000 m med tida 8.12,1, ti sekundar under gamle verdsrekorden til Tatjana Kazankina, men likevel seks sekundar bakom vinnaren, Wang Junxia.

Verdsrekorden på 1500 m vart ståande til etiopiske Genzebe Dibaba sletta den sommaren 2015.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]