Quadrophenia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Quadrophenia
Studioalbum av The Who
Utgjeve 19. oktober 1973
Innspelt Mai 1972 og juni 1973, Olympic Studios i London, bortsett frå «The Kitchen» i Battersea i London i Ronnie Lane's Mobile Studio
Sjanger Rock
Lengd 81:35
Selskap Track/Polydor
Produsent The Who, Kit Lambert og Glyn Johns
Kritikk
The Who-kronologi
Who's Next
(1971)
Quadrophenia The Who by Numbers
(1975)

Quadrophenia er det sjette studioalbumet til det engelske rockebandet The Who. Det kom ut 19. oktober 1973 på Track og Polydor i Storbritannia og Track og MCA i USA. Quadrophenia er eit dobbeltalbum og den andre rockeoperaen til bandet. Historia omfattar samfunnsmessige, musikalske og psykologiske hendingar sett frå synspunktet til engelske tenåringar i London og Brighton i 1964 og 1965.

Tittelen er ein variant av den feilaktige bruken av schizofreni som ei dissosiativ identitetsforstyrring for å gjenspegle dei fire fråskilde personlegheitene til Jimmy, hovudrolla i operaen som er sagt å representere personlegheita til kvar av medlemmene i The Who.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Quadrophenia vart opphavleg gjeven ut som ein dobbel LP med eit tjukt hefte med tekstar, ei tekstutgåve av historia og bilete som illustrerte historia. MCA Records gav ut plata på dobbel-CD i 1985 med songtekstar og historia i tekstformat, men utan bileta. Den originale CD-utgåva til Polydor, samt dei nymastra utgåvene til MCA og Polydor CD i 1996 inneheldt ei miniatyrutgåve av plateomslaget frå LP-utgåva.

I plateomslaget til den nymastra utgåva av Odds og Sods skriv Townshend at den opphavlege ideen til Quadrophenia først var ein nytingssjuk sjølvbiografi av bandet (som visstnok skulle ha tittelen Rock Is Dead—Long Live Rock!). To av songane på plata er frå 1972 («Is It In My Head?» og «Love Reign O'er Me»), eit år då The Who òg gav ut singlane «Join Together», «Relay» og «Long Live Rock». Då Quadrophenia kom ut var rolla til bandet i historia berre symbolsk via dei fire personlegheitene til Jimmy.

8-sporsband-utgåva av albumet er ei av få 8-sporsband der songane er nøyaktig som på LP-utgåva, utan brot i songane.

Quadrophenia nådde andreplassen i USA og var den høgaste plasseringa dei klarte å oppnå her med eit album.

Bandet såg på turneen som følgde albumet som katastrofalt. Under dei første framføringane virka ikkje lydbanda med lydeffektane. Då lydbanda starta måtte bandet følgje dei, men følte seg hemma av å spele til desse innspelingane.[1]

På den første konserten under den amerikanske delen av turneen, i Cow Palace i San Francisco i California kollapsa trommeslagaren Keith Moon på scenen. Scot Halpin, ein trommeslagar frå publikum, vart ført opp på scenen for å avslutte konserten.

Pete Townshend er i dag særs nøgd med albumet og har sagt at musikken er den beste han har skrive og at han aldri vil klare å lage eit like bra album.[2][1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

  • «I Am the Sea/The Real Me» – Operaen startar med ein introduksjon av dei fire personlegheitane til Jimmy Cooper. Ein får så eit raskt blikk av at han vitjar psykiateren sin, mora si og ein lokal prest.
  • «Quadrophenia/Cut My Hair» – Jimmy ser tilbake på ein krangel med foreldra sine som enda med at han flytte heimanfrå. Ein kan òg høyre ei nyhendesending som nemner opprør i Brighton mellom Mod-miljøet og rockarane, ei hending han var tilstades på veka før.
  • «The Punk and the Godfather»" – Jimmy går til ein rockekonsert (The Who sjølv). Han står i kø, betalar billetten og vel så å gå bak scenen for å møte bandet då dei kjem ut av sceneinngangen. Bandet er frekk med han og han forstår at det i røynda ikkje er noko særskild som skjer i rock and roll, berre enno ein ting i livet hans som har skuffa han.
  • «I'm One» – Jimmy grublar over at det er ikkje er mykje som skjer i livet hans, men at han i det minste har mod-miljøet.
  • «The Dirty Jobs» – Jimmy er passe desillusjonert med den tidlegare «religionen» sin og får seg jobb som søppelkøyrar. Arbeidskollegaene hans liker ikkje det ekstrem venstreorienterte synet hans og han vert tvungen ut av jobben.
  • «Helpless Dancer/Is It in My Head?» – Vi får eit innsyn i kor aggresjonen til Jimmy kjem frå når han endrar personlegheit (til den Tøffe). Jimmy har eit samvit som går ganske djupt. Han er frustrert på verda og dette gjer han meir sint enn han alt er. Vi får òg sjå at han tviler på seg sjølv og føler at utsiktene hans er dekte av pessimisme.
  • «I've Had Enough» – Jimmy bryt til slutt saman når han ser ei jente han liker med ein av venene sine. I ein særs sjølvøydeleggjande tilstanden knuser han scooteren sin og reiser til Brighton, der han hadde det så kjekt veka før då han og venene jaga rockarane.
  • «5:15» – Songen omhandlar togreisa til Jimmy ned til Brighton, der han sit mellom to herrar og et amfetamin for å få tida til å gå. Han går gjennom opp- og nedturane medan han tenker over dei festlege sidene med livet som tenåring.
  • «Sea and Sand/Drowned» – Jimmy kjem til Brighton og vert i betre humør. Han snakkar om uroa heime og er litt sarkastisk når han fortel om ein kveld på stranda med den tidlegare kjærasten sin. Mod-miljøet er alt i ferd med å falle saman, og alt han kan gjere medan han er i byen er å hugse tilbake på tida då mods-ungdomen kom til Brighton. Det var berre tre veker sidan, men han lever alt i fortida. Det er her Jimmy vurderer å ta livet sitt ved å drukning.
  • «Bell Boy» – Han møter ein tidlegare Ace Face som no jobbar som pikkolo ved det same hotellet som mods-ungdomen øydela. Han ser på Jimmy med ei blanding av medkjensle og forakt. Dei to kranglar sidan Jimmy meiner Ace Face har selt seg sjølv. Jimmy føler at alt, til og med mods-rørsla, har lete han i stikken.
  • «Doctor Jimmy» – Jimmy prøver å øydeleggje seg sjølv med dop og alkohol, og vert til slutt så desperat at han tar eit nærare syn på seg sjølv. Denne delen av historia syner galskapen i han. begins to damage himself so badly on drugs og alcohol that he gets to the point where he's so desperate that he'll take a closer look at himself. This part of the story shows the lunatic within him. Refrenget «Doctor Jimmy and Mr. Jim» er ein referanse til «Doctor Jekyll and Mr. Hyde».
  • «The Rock/Love, Reign O'er Me» – Jimmy stel ein båt og køyrer til eit skjer i sjøen. Her vert han edru, men oppdagar at båten har drive bort og at han no er stranda, aleine og gløymd. Ein storm rasar rundt han og Jimmy vert til slutt andeleg opplyst.

Musikalsk struktur[endre | endre wikiteksten]

Townshend fortalte i 2009 at i staden for å la personlegheitene til Jimmy representerte eit Who-medlem, så let han kvart medlem få illustrere dei fire personlegheitane hans.[1]

I tillegg til å skildre personlegheiter/bandmedlemmer, har kvar av dei fire skildringane fire musikalske tema som syner personlegheitane til Jimmy i operaen: «Helpless Dancer», «Is It Me?», «Bell Boy» og «Love Reign O'er Me». Dei fire temaa er blanda saman i både tittelsporet (som ei bru mellom «The Real Me» og «Cut My Hair») og den nest siste songen, «The Rock» (mellom «Doctor Jimmy» og «Love, Reign O'er Me»). Dei to stykka er dei mest musikalsk komplekse som Townshend nokon gong skreiv for The Who, der han kombinerte alle dei fire temaa til to seks minuttar lange potpurri. Dei to stykka har ikkje ein klår start eller slutt, sidan dei vert tona inn frå dei føregåande songane og glir inn i det neste. Stykket startar med temaet frå «Bell Boy» (temaet til Moon), etterfølgd av temaene frå «Is It Me» (temat til Entwistle), «Helpless Dancer» (temaet til Daltrey) og «Love, Reign O'er Me» (temaet til Townshend). «Quadrophenia» tonar ut i lyden av regn etter temaet til «Love Reign O'er Me». «The Rock» endar med ein kombinasjon av dei fire temaa, med «Bell Boy»-temaet som akkordsekvens, «Helpless Dancer»-temaet som melodien, «Is It Me?»-temaet som solo (på gitar og synthesizer) og keyboard-delen frå «Love Reign O'er Me» som motmelodi. Heile songen endar brått til lyden av torevêr og glir over i sjølve «Love Reign O'er Me».

Dei fire temaa dukka òg opp i fleire andre songar gjennom albumet, mellom anna i «Bell Boy» der temaet frå «Helpless Dancer» dukka opp på syntehsizer i eit kort mellomspel. Somme tema frå andre songar dukkar òg opp her og der.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 2000 plasserte musikkmagasinet Q Quadrophenia på 56. plass på lista deira over dei 100 beste britiske albuma nokon gong. I 2001 var albumet på 86. plass på VH1 si liste over dei største albuma gjennom tidene. I 2003 var albumet plassert på 266. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene. IGN plasserte Quadrophenia på førsteplassen på deira liste over dei største classic rock-albuma gjennom tidene.[3]

Andre format[endre | endre wikiteksten]

I 1979 kom filmen Quadrophenia med tre ekstra songar av Pete Townshend. Filmen var ei visuell tolking av Townshend sin visjon om Jimmy og dei rundt han. Filmen hadde mellom anna Sting i rolla som Ace Face. I filmen er musikken stort sett spelt i bakgrunnen og vart ikkje framført av skodespelarane som i ein rockeopera.

Sommaren 1996 spelte The Who heile Quadrophenia for første gong på mange år i Hyde Park i London med Zak Starkey på trommer (første gong som trommeslagar i The Who), Geoff Whitehorn og Simon Townshend på elektrisk gitar og Jon Carin og John «Rabbit» Bundrick på tangentinstrument. I tillegg hadde bandet med seg gjesteartistane Phil Daniels som fortejlaren/Jimmy, Gary Glitter som The Rocker, Adrian Edmonson som Ace Face/Bellboy, Stephen Fry som hotellmanageren (som skrik «Bellboy!»), Trevor McDonald som nyhendelesare og David Gilmour frå Pink Floyd som bussjåføren på songen «The Dirty Jobs». Gilmour spelte òg sologitar på «Sea and Sand», «Dr. Jimmy», «The Rock», «Love, Reign O'er Me»og «5:15 (Reprise)». Ein britisk og amerikansk turne følgde etter denne konserten der Daniels vart erstatta og Simon Townshend tok over Gilmour si rolle. Gary Glitter og P.J. Proby var med som gjestar på enkelte songar som The Godfather og Billy Idol gjesta òg som Ace Face/Bellboy.

I 2005 vart det gjeve ut ei konsertframføring av Quadrophenia frå 1996/1997-turneen. Her fanst òg ei konsertutgåve av Tommy frå 1989, samt andre songar som vart framførte på konsertar. Pete Townshend og Roger Daltrey hadde kommentarar på fleire spor og det var òg eit intervju med Billy Idol.

Heile albumet vart framført av Phish den 31. oktober 1995. Dette vart seinare gjeve ut som Live Phish Volume 14.

I november 2005 sette Luna C Productions opp ei teaterutgåve av Quadrophenia i Los Angeles. I ettertid er fleire teatertutgåver av plata sett opp.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Pete Townshend. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «I Am the Sea»   2:08
2. «The Real Me»   3:20
3. «Quadrophenia»   6:15
4. «Cut My Hair»   3:46
5. «The Punk and the Godfather»   5:10
Side to
# Tittel Lengd
6. «I'm One»   2:39
7. «The Dirty Jobs»   4:30
8. «Helpless Dancer»   2:32
9. «Is It in My Head?»   3:46
10. «I've Had Enough»   6:14
Side tre
# Tittel Lengd
11. «5:15»   5:00
12. «Sea and Sand»   5:01
13. «Drowned»   5:28
14. «Bell Boy»   4:56
Side fire
# Tittel Lengd
15. «Doctor Jimmy»   8:42
16. «The Rock»   6:37
17. «Love, Reign O'er Me»   5:48

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Who
Andre

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Jackson, James (20. april 2009). «Pete Townshend on Quadrophenia, touring with The Who og the Mod revival». The Times. 
  2. The Who: VH1 Mexico Interview Part 1 - VH1 Television-intervju - YouTube
  3. D., Spence (30. mars 2007). «Top 25 Classic Rock albums». IGN.com. p. 8. http://music.ign.com/articles/777/777248p1.html. Henta 4. juli 2009.