Quantum Key

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Quantum Key
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve 20. november 2015
Innspelt 2015
Studio Eastgate Studios (Wien), Townend Studio (Berlin)
Sjanger
Lengd 32:50
Selskap Eastgate
Produsent Bianca Froese-Acquaye
Tangerine Dream-kronologi
Supernormal - The Australian Concerts 2014
(2015)
Quantum Key Light Flux
(2017)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Record Collector3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Babyblaue-Seiten11/15[2]

Quantum Key er det 149. albumet totalt og det 64. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i november 2015.[3]

Dette er den niande plata i ein serie omtalt som «cupdiscs», der lengda er kring 40 minutt, som er typisk for lengda på ei LP-plate. Platene kom i eit enkelt pappomslag i staden for det vanlege CD-omslaget i plast. Så langt består serien av 11 plater.

Quantum Key er det første albumet med musikk spelt inn etter at Edgar Froese døydde i januar 2015. Likevel er dei første tre av dei fire spora på albumet skriven av Edgar Froese, medan det siste er komponert av Thorsten Quaeschning og Ulrich Schnauss. Froese er òg oppført som musikar, dermed kan det vere at bandet alt arbeidde på desse komposisjonane då Froese uventa døydde, eller at dei er baserte på skisser han let att etter seg. Hoshiko Yamane spelar fiolin på alle dei fire spora.[3]

Produsent på plata er manageren til bandet og enkja etter Froese, Bianca Froese-Acquaye.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«Genesis of Precious Thoughts»9:13
2.«Electron Bonfire»5:05
3.«Drowning in Universes»11:07
4.«Mirage of Reality»7:25

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Tangerine Dream

Teknisk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Abraham, Ian. «Record Collector». Record Collector. Henta 24. juli 2020. 
  2. Rode, Christian. «Babyblaue-Seiten». Babyblaue-Seiten. Henta 24. juli 2020. 
  3. 3,0 3,1 «Quantum Key». Voices in the Net. Henta 24. juli 2020.