Quartet av Ultravox

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Quartet
Studioalbum av Ultravox
Utgjeve 15. oktober 1982
Innspelt 1982
Studio AIR Studios, London, England
Sjanger
Lengd 40:54
Selskap Chrysalis
Produsent George Martin
Ultravox-kronologi
Rage in Eden
(1981)
Quartet Monument
(1983)


Singlar frå Quartet
  1. «Reap the Wild Wind»
    Utgjeve: 16. september 1982
  2. «Hymn»
    Utgjeve: 19. november 1982
  3. «Visions in Blue»
    Utgjeve: 11. mars 1983
  4. «We Came to Dance»
    Utgjeve: 18. april 1983
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Robert ChristgauC[2]
Rolling Stone2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]
Smash Hits8/10 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]

Quartet er det sjette studioalbumet til det britiske new wave-bandet Ultravox, gjeve ut i oktober 1982. Albumet nådde sjetteplassen på UK Albums Chart og selde til gull i Storbritannia i desember 1982 for 100 000 selte eksemplar. Det nådde òg 13. plassen i Tyskland og 61. plassen i USA.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart produsert av George Martin, som er mest kjend for arbeidet sitt med The Beatles. Etter tre album produsert av Conny Plank, byta Ultravox produsent. Vokalisten og gitaristen Midge Ure forklarte: «Det var byrja å bli litt trygt. Me visste at om me spelte inn ei ny plate med han, kom det til å bli flott og me kom til å bli nøgd. Men det ville ikkje vere noko spanande.»[5] Martin valte å ta jobben fordi dottera hans var fan av Ultravox.[5] Plateomslaget vart designa av Peter Saville.[6]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut i oktober 1982 og det vart gjeve ut i alt fire singlar frå plata, «Reap the Wild Wind», «Hymn», «Visions in Blue» og «We Came to Dance», som alle nådde topp 20 i Storbritannia. Albumet kom òg ut på ei biletplate på vinyl, ein kassett, og i 1983 på CD.[7] Bandet marknadsførte albumet med «Monument Tour» seint i 1982 og ein av konsertane her frå vart teken opp og gjeven ut på eit album og ein video i 1983.

Quartet vart ommastra og gjeve ut på CD på EMI i 1998 med B-sidene til kvar av singlane som bonusspor. Ei dobbelplate med opptak som ikkje var gjevne ut før kom ut i februar 2009.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Warren Cann, Chris Cross, Billy Currie og Midge Ure.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Reap the Wild Wind»3:49
2.«Serenade»5:05
3.«Mine for Life»4:44
4.«Hymn»5:46
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Visions in Blue»4:38
6.«When the Scream Subsides»4:17
7.«We Came to Dance»4:14
8.«Cut and Run»4:18
9.«The Song (We Go)»3:56
Bonusspor på 1998-utgåva
Nr.TittelLengd
10.«Hosanna (In Excelsis Deo)»4:21
11.«Monument»3:16
12.«Break Your Back»3:27
13.«Overlook»4:04
Bonusplate på 2008-utgåva
Nr.TittelLengd
1.«Reap the Wild Wind» (Lengre 12"-versjon)4:45
2.«Hosanna (In Excelsis Deo)» (B-side til «Reap the Wild Wind»)4:21
3.«Monument» (B-side til «Hymn»)3:14
4.«The Thin Wall» (Konsertopptak Hammersmith Odeon, 17. oktober 1981, B-side til «Hymn»)5:54
5.«Break Your Back» (B-side til «Visions in Blue»)3:25
6.«Reap the Wild Wind» (konsertopptak Hammersmith Odeon, 5. desember 1982.)4:04
7.«We Came to Dance» (Lengre 12"-versjon)7:35
8.«Overlook» (B-side til «We Come to Dance»)4:03
9.«The Voice» (konsertopptak Hammersmith Odeon, 5. desember 1982, Fanclub Flexidisc-versjon)4:36
10.«Serenade» (Special Remix)6:03
11.«New Europeans» (konsertopptak Hammersmith Odeon, 5. desember 1982.)4:18
12.«We Stand Alone» (konsertopptak Hammersmith Odeon, 5. desember 1982.)5:35
13.«I Remember (Death in the Afternoon)» (konsertopptak Hammersmith Odeon, 5. desember 1982.)6:25

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Ultravox
Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review
  2. Christgau, Robert. «Ultravox: Quartet». Robert Christgau.com. Henta 2. september 2020. 
  3. Rolling Stone review
  4. Steels, Deborah (28. oktober 1982). «Album Reviews (Ultravox - «Quartet»)». Smash Hits (EMAP Metro) 4 (22): 23. 
  5. 5,0 5,1 Johnson, Dean (June 1983). «A Locked Door Swings Open, and Ultravox Is in Demand». Record 2 (8): 15. 
  6. Peter Saville Sleeve Design 1978-1982 Peter Saville Info
  7. Ultravox Quartet Discogs.com