Quattrocento

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
'Dørene til paradis', dørene på austsida av Baptisteriet i Firenze, blei utforma av Lorenzo Ghiberti ved byrjinga av quattrocento.
'Jente med kirsebær' av Ambrogio de Predis frå mellom 1491 og 1495.

Quattrocento (italiensk for 'fire hundre') viser til dei kulturelle straumdraga i Italia1400-talet og italiensk kunst frå seinmellomalderen, særleg gotikk, og den tidlege renessansen. Som tidsgrenser for quattrocento set ein gjerne konkurransen om å utforma dører for austsida av dåpskapellet i Firenze i 1401 som byrjinga og valet av pave Julius II i 1503 som slutten.[1] Quattrocento blei avløyst av cinquecento.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Innverknad frå humanismen førte til inngåande studiar av greske og latinske klassikarar og filologisk verksemd. Fyrstane støtta studia til lærde, grunnla bibliotek og samla forfattarar til hoffa sine, som Lorenzo de' Medici i Firenze. I første halvdelen av 1400-talet førte denne vørdnaden for klassikarane til at latin igjen fekk ei viktig rolle i litteraturen, men nokre diktarar skreiv framleis på italiensk. Episk dikting som Orlando innamorato (byrja 1476) av Matteo Maria Boiardo og Il Morgante av Luigi Pulci (byrja 1460), begge om helten Roland, bles nytt liv i denne sjangeren.[2]

Italienske quattrocentoforfattarar[endre | endre wikiteksten]

Måleri[endre | endre wikiteksten]

Italienske quattrocentomålarar[endre | endre wikiteksten]




Kjelder[endre | endre wikiteksten]