Queen Jane Approximately

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Queen Jane Approximately
Song av Bob Dylan
frå albumet Highway 61 Revisited
Utgjeve 30. august 1965
Innspelt 2. august 1965
Sjanger Folkrock, garasjerock[1]
Lengd 5:19
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Johnston

«Queen Jane Approximately» er ein song av Bob Dylan frå albumet Highway 61 Revisited i 1965. Han vart gjeven ut som singel som B-sida til «One of Us Must Know (Sooner or Later)» i januar 1966. Han er òg blitt spelt av mange andre artistar, som The Grateful Dead og The Four Seasons.[1]

Musikarane på «Queen Jane Approximately» omfattar Dylan, Mike Bloomfield på elektrisk gitar og Al Kooper og Paul Griffin på klaverinstrument.

Ein har spekulert i kven denne dronning Jane er, og om det kan vere Tudor-dronningane lady Jane Grey og Jane Seymour.[2] Andre har spekulert i om det kan vere Joan Baez, som har eit namn som liknar på «Jane». I 1965 fortalte Dylan sjølv ein journalist at Queen Jane er ein mann.[3]

Konsertutgåver[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Dylan sjeldan spelte denne songen på konsertane sine,[2] finst eit konsertopptak på albumet Dylan and the Dead.[1] I ei undersøking i Mojo frå 2005 blant andre artistar, vart «Queen Jane Approximately» oppført som den 70. beste Bob Dylan-songen.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Queen Jane Approximately covers». allmusic. Arkivert frå originalen 6. november 2018. Henta 6. november 2018. 
  2. 2,0 2,1 Hinchey, J. (2002). Like a Complete Unknown. s. 147–151. ISBN 0-9723592-0-6. 
  3. Humphries, P. (1995). Bob Dylan. s. 26. ISBN 0-7119-4868-2. 
  4. «100 Greatest Dylan Songs». Mojo. November 2005. Henta 5. november 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]