Queiq

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Queiq
elv
Queiq i sentrum av Aleppo i 2011
Land  Syria
Koordinatar 36°11′16″N 37°8′24.5″E / 36.18778°N 37.140139°E / 36.18778; 37.140139
Wikimedia Commons: Quweik River

Queiq (Qoueiq,[1] Quweiq eller Qoueiq (arabisk قويق quwayq; nordsyrisk ʼwēʼ, i antikken Khalos), òg kalla Aleppo, er ei elv og ein dal i Aleppo guvernement i Syria og Tyrkia. Ho er 129 km lang som flyt gjennom byen Aleppo nord i Syria. Ho spring ut frå det sørlege Aintabplatået søraust i Tyrkia. Akpınar på Kilis-sletta er ei av kjeldeelvane til Queiq. Byen Qinnasrin ligg ved breidda av elven.[2] Ho renn delvis langs vestkanten av Matahsenkinga.[3] Dalen har vore busett i tusenvis av år og i antikken var Queiqdalen kjend for flintindustrien og keramikk.[4]

Elva tørka heilt inn seint i 1960-åra på grunn av prosjekt med kunstig vatning på den tyrkiske sida av grensa. I nyare tid har vatn frå Eufrat blitt leidd om for å vekke den daude elva til liv att, og dermed gje nytt liv til jordbruket på slettene sør for Aleppo. Mange syrarar er likevel bitre på tyrkarane for det dei gjorde med elva.[5]

Queiq-massakren[endre | endre wikiteksten]

Seint i januar 2013 under den syriske borgarkrigen vart kring 110 menn og gutar, dei fleste bakbundne med teip over munnen og kulehol i hovudet, funne langs kanten av elva i ein del av Aleppo som er kontrollert av opposisjonsstyrkane. Få av offera var over 30 år gamle og mange synte teikn på tortur.[6] Human Rights Watch rapporterte at familiemedlemmane til mange av offera fortalde at dei vart sist sett i eit regjeringskontrollert område eller etter at dei skulle inn i det området mellom to sjekkpunkt, eit bemanna av opposisjonsstyrken og det andre av regjeringsstyrken. Dei fleste familiemedlemmane som vart intervjua av Human Rights Watch insisterte på at offera ikkje hadde vore involvert med den væpna opposisjonen eller aktivt delteke i demonstrasjonar. Dei sa at offera i mange tilfelle var kjøpmenn. Somme hadde butikkar i dei regjeringskontrollerte områda, men budde i opposisjonskontrollerte område, og andre kryssa ofte denne grensa for å kjøpe forsyningar som dei selde på marknadane.[7] Ein trur at offera vart arresterte, torturerte, avretta og så dumpa av regjeringstyrkar i elva over ein periode på fleire veker. Lika flaut nedover elva frå ein stad regjeringa hadde kontrollover til ein del av elva som opprørarane heldt i Bustan al-Qasr-distriktet.[6] Lika vart først oppdaga då den høgevassføringa gjekk ned seint i januar. I februar vart det sett opp eit gitter frå ei bru i elva, for å fange andre lik som kom flytande.

Mellom februar og midten av mars 2013 vart mellom 80 og 120 lik til dradd opp av elva. I snitt var det fleire lik til dagen.[8]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Liverani, Mario (1995). Neo-assyrian geography. Università di Roma, Dipartimento di scienze storiche, archeologiche e antropologiche dell'Antichità. s. 121. Henta 27. mars 2014. 
  2. Phenix, Robert R. (20. desember 2008). The sermons on Joseph of Balai of Qenneshrin: rhetoric and interpretation in fifth-century Syrian literature. Mohr Siebeck. s. 53. ISBN 978-3-16-149676-9. Henta 27. mars 2014. 
  3. Wagner, Wolfgang (25. juli 2011). Groundwater in the Arab Midtausten. Springer. s. 165. ISBN 978-3-642-19350-7. Henta 27. mars 2014. 
  4. Peregrine, Peter Neal; Ember, Melvin; inc, Human Relations Area Files, (2002). Encyclopedia of Prehistory: South and Southwest Asia. Springer. s. 42. ISBN 978-0-306-46262-7. Henta 27. mars 2014. 
  5. Gren, Erik (2002). Orientalia Suecana. Almquist & Wiksell Periodical Co. s. 37. Henta 27. mars 2014. 
  6. 6,0 6,1 http://www.guardian.co.uk/world/interactive/2013/mar/11/syria-bodies-river-aleppo-massacre
  7. http://www.hrw.org/news/2013/06/04/syria-stream-bodies-aleppo-s-river
  8. http://globalpublicsquare.blogs.cnn.com/2013/03/11/aleppos-river-of-death/

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]