Quentin Fillon Maillet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Quentin Fillon Maillet


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 16. august 1992 (31 år)
Champagnole
Idrett skiskyting, langrenn
Tok del i

VM i skiskyting 2019, Vinter-OL 2022, Vinter-OL 2022, Vinter-OL 2022, Vinter-OL 2022, Vinter-OL 2022, Vinter-OL 2022, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Sprint menn, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Jaktstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Sprint menn, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Jaktstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Fellesstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Fellesstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Normaldistanse menn

Utmerkingar

Ridder av Æreslegionen

Quentin Fillon Maillet (fødd 16. august 1992) er ein fransk skiskyttar frå Champagnole i Jura-departementet. Han vann VM-gull med Frankrikes mixlag under VM i skiskyting 2016 i Oslo. Maillet har elles sanka to VM-sølv og tre VM-bronsar i ulike øvingar i tida 2015-19.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Maillet gjekk ein etappe for det franske mannskapet i 4 x 7,5 km stafett, som under VM i skiskyting 2015 i Kontiolahti gjekk i inn til bronse. Året etter vart han verdsmeister då han og Anaïs Bescond, Marie Dorin-Habert og Martin Fourcade sigra i mixstafetten ved VM i skiskyting 2016 i Oslo. To nye VM-medaljar, begge i sølv, fekk Maillet ved VM i skiskyting 2017 i Hochfilzen, fyrst på mixstafetten og så i 4 x 7,5 km stafett for menn. Under VM i skiskyting 2019 i Östersund tok han sine fyrste medaljar i individuelle tevlingar, begge i bronse. Han vart tredjemann i 10 km sprint, ei plassering han forsvarte i den etterfylgjande jaktstarten. Tidlegare i 2019-sesongen sigra Maillet for fyrste gong i ei individuell tevling i verdscupen i skiskyting. I italienske Antholz triumferte han på fellesstarten. Tre veker etter vann han så jaktstarten under verdscuphelga i Midway i Utah i USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]