Quentin Tarantino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Quentin Tarantino
Quentin Tarantino by Gage Skidmore.jpg
Fødd27. mars 1963 (58 år)
FødestadKnoxville
FødenamnQuentin Jerome Tarantino
Aktive år1983–
Verka somskodespelar, manusforfattar, filmregissør, filmprodusent, filmskodespelar, skribent, filmklyppar, fjernsynsskodespelar, regissør
FarTony Tarantino
EktefelleDaniella Pick
SambuarMira Sorvino, Didem Erol
PrisarOfficier des Arts et des Lettres, Oscar for beste originalmanus, Oscar for beste originalmanus, Edgar-prisene, kommandør av Ordre des Arts et des Lettres, Prix Lumière du Festival de Lyon, BAFTA Award for Best Original Screenplay, Gullpalmen, Golden Globe Award for Best Screenplay, Ungarns fortjenstorden, 67th Academy Awards, Den 85. Oscar-utdelingen, 52nd Golden Globe Awards, Den 70. Golden Globe-utdelingen, 48th British Academy Film Awards, 66th British Academy Film Awards, 36th César Awards, medlem av American Academy of Arts and Sciences Fellow, National Board of Review Award for Best Film

Quentin Jerome Tarantino (fødd 27. mars 1963) er ein amerikansk regissør, skodespelar, produsent og manusforfattar. Han vann ein Oscar for manuset til Pulp Fiction (1994), som òg blei nominert til beste film. På filmfestivalen i Cannes same året vann han Gullpalmen for filmen.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tarantino blei fødd i Knoxville i Tennessee som son av Tony Tarantino, ein italiensk-amerikansk skodespelar og musikar, og Connie McHugh, ein lege. Like etter at Quentin blei fødd gifta mora seg med musikaren Curt Zastoupil, som Quentin utvikla eit sterkt tilhøve til. Han byrja i barnehage i 1968. Tre år seinare flytta familien til El Segundo i Los Angeles, der Tarantino gjekk på Hawthorne Christian School. Då han var 14 år gammal skreiv han sitt første filmmanus, The Amazing Adventures of Mr. Lee. Som 16-åring mislukkast han i å fullføra utdanninga ved Narbonne High School i Harbor City i California, og byrja på skodespelarskulen James Best Theatre Company i staden.

I 1984 byrja Tarantino å arbeida ved ein videobutikk. Han vart ein god ven av filmskaparen Roger Avary, som han seinare arbeidde saman med. Samstundes som han studerte skodespelarkunst ved Allen Garfield's Actors' Shelter i Beverly Hills, byrja han å konsentrera seg om manusskriving.

I november 2018 gifta hans seg med modellen Daniella Pick.[2]

Filmar[endre | endre wikiteksten]

De hensynsløse[endre | endre wikiteksten]

Etter at Tarantino møtte filmprodusenten Lawrence Bender på ein Hollywood-fest, blei han oppfordra til å skriva eit manus. Resultatet blei gangsterthrilleren De hensynsløse (1992), som hadde urpremiereSundance filmfestival, der han blei nominert til juryprisen. Dette er ein dialogprega ransfilm. Skodespelaren Harvey Keitel fekk lesa manuset og bidrog økonomisk, co-produserte filmen og spelte ei av hovudrollene.

Natural Born Killers[endre | endre wikiteksten]

Det andre manuskriptet til Tarantino var Natural Born Killers. Regien gjekk til Oliver Stone, som gjorde fleire endringar i manuset.

Pulp Fiction[endre | endre wikiteksten]

Som følgje av suksessen med De hensynsløse, fekk Tarantino tilbod om ei rekkje prosjekt, inkludert Speed og Men in Black. Han drog i staden til Amsterdam for å arbeida med manuset til Pulp Fiction, som gav han både Gullpalmen og Oscar for beste originalmanus i 1994.

Four Rooms og From Dusk Till Dawn[endre | endre wikiteksten]

Etter Pulp Fiction bestemt Tarantino seg for å regissera eit segment i episodefilmen Four Rooms (1996). Segmentet han stod bak var «The Man from Hollywood», som er ein hyllest til TV-serien Alfred Hitchcock presenterer. Denne episodefilmen fekk ei lunken mottaking av både publikum og kritikarkorpset.

Tarantino var både manusforfattar og skodespelar i From Dusk Till Dawn (1996) av Robert Rodriguez, som møtte blanda kritikk. Filmen fekk to oppfølgjarar, der Tarantino og Rodriguez berre opptredde som eksekutiv-produsentar.

Jackie Brown[endre | endre wikiteksten]

Tarantino regisserte sin tredje film i 1997. Jackie Brown byggjer på Elmore Leonard sin roman Rum Punch. Filmen er ein hyllest til blaxploitationfilmar og hadde Pam Grier i hovudrolla. Ho spelte i ei rekkje filmar innan denne sjangeren på 70-talet. Etter dette gjekk Tarantino til Broadway med Wait Until Dark av Frederick Knott.

Kill Bill 1 og 2[endre | endre wikiteksten]

Tarantino hadde planar om å laga krigsfilmen Inglourious Basterds, men prioriterte Kill Bill (lansert i høvesvis 2003 og 2004) i staden. Dei skulle originalt vera éin film, men studioet syntest det vart for langt, så han blei sloppen i to delar. Desse to filmane er hemnfilmar med sterke assosiasjonar til wuxia (kinesisk kampkunst), den japanske filmretninga jidaigeki, spaghettiwestern og italienske grøssarar (giallo). Den tvidelte filmserien er basert på figuren «The Bride» og eit sujett som Tarantino og Kill Bill-skodespelaren Uma Thurman utvikla under innspelinga av Pulp Fiction. I 2004 vende Tarantino tilbake til Filmfestivalen i Cannes for å bidra som jurypresident. Kill Bill kunne dermed ikkje delta i konkurransen, men blei vist i sideprogrammet som ein tre timar lang versjon beståande av begge filmane i serien. Gullpalmen gjekk dette året til Michael Moore sin kontroversielle dokumentar Fahrenheit 9/11.

Sin City og Grindhouse[endre | endre wikiteksten]

Tarantino blei kreditert som gjesteregissør i neo noir-filmen Sin City (2005), regissert av Frank Miller og Robert Rodriguez.

Sistnemnde arbeidde saman med Tarantino i filmen Grindhouse (2007), som består av to separate filmar i éin. Rodriguez regisserte filmen Planet Terror, medan Tarantino stod for Death Proof. Desse to filmane blei sett saman til ein dobbelfilm som følgde etter kvarandre på kinoane. I Noreg og andre ikkje-engelskspråklege land blei Grindhouse lansert som to filmar, der Planet Terror og Death Proof fekk kvar sine visingar.

Inglourious Basterds[endre | endre wikiteksten]

I 2009 fullførde Tarantino filmen <i>Inglourious Basterds</i> etter at han hadde arbeidd med manuset i nærare ti år. Filmen hadde premiere ved Cannes-festivalen. Ei noko omarbeidd utgåve fekk seinare vanleg kinopremiere i september 2009.

Django Unchained (2012)[endre | endre wikiteksten]

Våren 2011 blei det kjent at den neste filmen til Tarantino ville vera ein spaghettiwestern med namn <i>Django Unchained</i>. Christoph Waltz frå Inglourious Basterds spelte ei av hovudrollene i filmen, som hadde premiere i slutten av 2012 i USA (i Noreg 18. januar 2013), to år før Kill Bill: Vol. 3, som lenge var venta å blir den neste filmproduksjonen til Tarantino.

The Hateful Eight (2015)[endre | endre wikiteksten]

I 2015 kom The Hateful Eight. Denne filmen føregår etter borgarkrigen i USA (rundt år 1870) med fleire skodespelarar frå tidlegare Tarantino-filmar, blant anna Samuel L. Jackson og Tim Roth.

Once upon a time in Hollywood (2019)[endre | endre wikiteksten]

Handlinga er lagt til Hollywood i 1969 og utforskar tilhøvet mellom tv-skodespelaren Rick Dalton og den faste stuntmannen hans Cliff Booth som opplever endringar i måten industrien opererer på.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • My Best Friend's Birthday. Manus, regi og skodespelar. 1987. Ufullend, svart/kvit studentfilm
  • De hensynsløse (opphavleg Reservoir Dogs). Manus, regi og skodespelar. 1992. Actionthrillerdrama; «Tarantinos første»
  • True Romance. Manus. 1993. Actionromanse
  • Pulp Fiction. Manus, regi og skodespelar. 1994. Actionthrillerkomedie; «Tarantinos andre»
  • Natural Born Killers. Manus. 1994. Actionthrillerdrama
  • Four Rooms (produsent, ein av fleire regissører, skodespelar) – 1995. Firedelt antologi.
  • From Dusk Till Dawn. Produsent, manus (med Robert Rodriguez) og skodespela. 1996. Actionsplatterkomedie
  • Jackie Brown. Manus, regi og skodespelar. 1997. Actionthrillerkrim; «Tarantinos tredje»
  • Kill Bill vol. 1. Manus og regi. 2003. Actionkungfuepos; «Tarantinos fjerde»
  • Kill Bill vol. 2. Manus og regi. 2004. Actionkungfuepos; «Tarantinos femte»
  • Grindhouse. Manus og regi for segmentet Death Proof. 2007
  • Inglourious Basterds. Manus og regi. 2009 «Tarantinos sjette»
  • Django UnchainedManus og regi. 2012 «Tarantinos sjuande»
  • The Hateful EightManus og regi. 2015. Actionrevisjonistwestern; «Tarantinos åtteade»
  • Once Upon a Time... in HollywoodManus og regi. 2019. Dramakomedie; «Tarantinos niande»

Berre produsent: Killing Zoe (1994), Curdled (1996) og God Said, 'Ha!' (1998).

Berre skodespelar: Sleep with Me (1994), Destiny Turns on the Radio (1995), Desperado (1996), Girl 6 (1996), Little Nicky (2000) og fjernsynsserien Alias (2001).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. A. A. Dowd (21. august 2014): Pulp Fiction brought guns, gimps, and glory to the Cannes Film Festival. The AV Club
  2. «Tarantino giftet seg med modellkjæresten Daniella Pick» (på norsk).