Quenya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Quenya
Andre namn: Høgalvisk
Klassifisering: konstruerte språk
Bruk
Quenyatalande i alt: Ingen morsmålsbrukarar[1]
Språkkodar
ISO 639-3: qya
Quenya skriven med tengwar og latinsk alfabetet. omsetjing: «Ah! Likt gull fell lauvet i vinden, årelangt tallaust som vengane på trea …»
Namnet «quenya» skrive med tengwar.

Quenya (IPA: ['kʷɛɲa]) eller høgalvisk) er eitt av dei alviske språka J.R.R. Tolkien konstruerte til bruk i diktinga si, der språket blir tala av alvefolka. Quenya og sindarin (gråalvisk) er dei viktigaste og mest gjennomarbeidde av språka Tolkien konstruerte. Quenya kan minne om finsk, mens søsterspråket sindarin kan minne om walisisk.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tolkien la grunnlaget for språket alt i 1915, då han byrja å skrive på det det mytologiske verket han kalla Silmarillion. Han kalla først språket for qenya. Tolkien arbeidde vidare på språket gjennom heile livet, og det gjennomgjekk eit utal endringar, også etter at bøkene hans var publiserte.

Tolkien var ein entusiastisk filolog, og han hadde som mål å skape eit språk som var så vakkert som råd, samtidig som han dikta ei verd med nokon som kunne snakke dette språket. Han utforma språket med inspirasjon frå finsk, latin og gresk. Quenya er eit syntetisk språk med ti kasus og fire numerus. Fleire grammatiske endingar kan bli lagt til eit ord samtidig. Ei nemning som «eg har funne på det» kan på quenya seiast med eitt einaste ord: utúvienyes. Fonotaksen er restriktiv og tillet til dømes sjeldan konsonantkombinasjonar først eller sist i eit ord.

Tolkien-entusiastar har utvikla nye ord på grunnlag av dei ordstammane som Tolkien har brukt i si dikting, og brukt desse orda til å forfatte ny poesi og prosa. Slikt vidareutvikla språk er kalla neo-quenya eller quenya vinyakarme. Tidsskrifta Vinyar Tengwar og Parma Eldalamberon inneheld analysar og publiserer nytt materiale om alvisk språk

Fiktiv historie[endre | endre wikiteksten]

I Tolkiens verd vart Quenya utvikla frå eldarin under den 250 år lange marsjen frå Cuiviénen mot Valinor. Språket vart bruka av vanyar og noldar i Valinor. Dialektane noldorin og vanyarin var gjensidig forståelege. Då alvane kom til det heilage landet, spreidde språket seg til valane, gudane i Tolkiens mytologi. Eitt tredje folk, teleri, tala det nærskylde språket telerin.

Sidan gjorde noldane opprør mot valane og vende attende til Midgard. Då hadde det gått så lang tid at alvane i Midgard og Aman hadde utvikla forskjellige språk. Quenya vart forbode som talespråk, men levde likevel vidare som høgtidsspårk for song og dikt.

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Quenya har ti vokalar; fem korte og fem lange. Lang e og o skal vere meir lukka enn kort e og o.

Fremre Central Bakre
lång kort lång kort lång kort
Lukka ɪ u
Mellom ɛ ɔ
Open ɑː a

Diftongar[endre | endre wikiteksten]

Final vokal
Främre Bakre
i ɪ̯u
e eu̯
a aɪ̯ au̯
o oɪ̯
u uɪ̯

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Labial Alveolar Palatal Velar Glottal
lab. lab.
Nasal m n ɲ ŋ
Klusil p b t d c k g kʷ gʷ
Frikativ f v s ç x h
Tremulant r
Approksimant Lateral l ʎ
Sentral j ʍ w

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Særmerkt for grammatikken er det rike bøyingssystemet, ein arv frå fornalvisk.

Substantiv[endre | endre wikiteksten]

Substantiv kan bøyast i ti kasus:

  • Nominativ markerer subjektet i ei setning.
  • Akkusativ markerer det direkte objektet.
  • Genitiv markerer at eit substantiv modifiserer eit anna.
  • Instrumentalis markerer at substantivet er eit instrument som blir brukt av subjektet.
  • Dativ markerer det indirekte objektet.
  • Lokativ markerer plassering ved substantivet
  • Allativ markerer rørsle mot substantivet
  • Ablativ markerer rørsle bort frå substantivet.
  • Possessiv markerer at substantivet har opphav i, er ein del av eller er eigd av eit s anna.
  • Det tiande kasuset er ukjent.

Substantiva blir òg bøygde i fire numerus: singularis, dualis, partitiv og pluralis. Partitiv blir brukt om eit fåtal av ei større gruppe.

Verb[endre | endre wikiteksten]

Det finst to typar av verb: dei primære verba som som er danna direkte frå ein ordstamme, og dei avleidde verba som er danna av ordstammen og ei ending.

Fem kjende tempus er aorist, presens, preteritum, perfektum og futurum. Både aorist og presens er presensformer men beskriver ulike verbaspekt. Aorist er ei presensform som blir brukt om ålmenne sanningar og hendingar som ikkje er bundne av tid.

Skrift[endre | endre wikiteksten]

I Tolkiens verd vart quenya først skrive med sarati, ei skrift som sidan vart avløyst av tengwar. Utanfor verda Tolkien skapte, blir quenya skrive med med latinske bokstavar.

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

tincotéma parmatéma calmatéma quessetéma
Tengwa tinco.svg
Tinco
t
[t]
Tengwa parma.svg
Parma
p
[p]
Tengwa calma.svg
Calma
c
[k]
Tengwa quesse.svg
Quessë
qu
[kʷ]
Tengwa ando.svg
Ando
nd
[nd]
Tengwa umbar.svg
Umbar
mb
[mb]
Tengwa anga.svg
Anga
ng
[ŋg]
Tengwa ungwe.svg
Ungwë
ngw
[ŋgʷ]
Tengwa súle.svg
Sulë
th→s
[θ]→[s]
Tengwa formen.svg
Formen
f
[f]
Tengwa aha.svg
Aha
h
[h]
Tengwa hwesta.svg
Hwesta
hw
[ʍ]
Tengwa anto.svg
Anto
nt
[nt]
Tengwa ampa.svg
Ampa
mp
[mp]
Tengwa anca.svg
Anca
nc
[ŋk]
Tengwa unque.svg
Unquë
nqu
[ŋkʷ]
Tengwa númen.svg
Númen
n
[n]
Tengwa malta.svg
Malta
m
[m]
Tengwa noldo.svg
Noldo
ñ→n
[ŋ]→[n]
Tengwa nwalme.svg
Nwalme
ñw→nw
[ŋʷ]→[nʷ]
Tengwa óre.svg
Órë
r
[r]
Tengwa vala.svg
Vala
v
[v]
Tengwa anna.svg
Anna
*
 
Tengwa wilya.svg
Wilya
w
[w, v]
Tengwa rómen.svg
Rómen
r
[r]
Tengwa arda.svg
Arda
rd
[rd]
Tengwa lambe.svg
Lambë
l
[l]
Tengwa alda.svg
Alda
ld
[ld]
Tengwa silme.svg
Silmë
s
[s]
Tengwa silme nuquerna.svg
Silmë
nuquerna
s
[s]
Tengwa esse.svg
Essë
ss
[s:]
Tengwa esse nuquerna.svg
Essë
nuquerna
ss
[s:]
Tengwa hyarmen.svg
Hyarmen
h
[h]
Tengwa hwesta sindarinwa.svg
Hwesta
Sindarinwa

Tengwa yanta.svg
Yanta
-i
[ɪ̯]
Tengwa úre.svg
Úrë
-u
[ʊ̯]


  • Anna har ingen eigen lydverdi, men blir brukt saman med eit teikn for palatalisering for å skrive y.
  • Yanta og úre blir brukt for å skrive diftongar.
  • Hyarmen blir brukt for å skrivea h i byrjinga av ord; elles skriv ein aha. Aha blir uttalt [h] i alle posisjonar unntatt framfor t, der den vert uttalt anten [x] etter a, o og u eller [ç] etter e og i.
  • Halla, som også blir transkribert h, har forma av eit vertikalt strek ein skriv framfor lambe og rómen ved uttale utan betoning.
  • Órë blir brukt for å skrive r framfor konsonant og i slutten av ord; rómen blir brukt framfor vokal.
  • Súle blir brukt i ord som historisk er uttala med [θ] (som er transkribert th eller þ); no er uttalen som s.
  • Noldo og nwalme blir brukt i ord som historisk begynte på på [ŋ] og [ŋʷ] (transkribert ñ og ñw). Dei blir no uttalt [n] og [nʷ].
  • Silme nuquerna og esse nuquerna blir brukt når det skal skrivast ein tehta over, elles bruker ein silme og esse.

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Vokalar blir i quenya skrivne med tehtar, diakritiska teikn over føregåande konsonant eller over ein telco, ein liten vokal-berar. Lange vokalar blir plassert over ein ára, ein lang vokalberar eller dei blir markert med ein dobbeltskriven tehtan.

Tehta amatixe 3.svg a
[a]
Tehta tecco.svg e
[ɛ]
Tehta amatixe 1.svg i
[i]
Tehta rempe.svg o
[ɔ]
Tehta rempe nuquerna.svg u
[u]

Diftongar[endre | endre wikiteksten]

Diftongar blir skrive med ein kombinasjon av ein tehta og ein av to spesielle tengwar, yanta og úre.

Quenya diphthong ai.svg ai
[aɪ̯]
Quenya diphthong oi.svg oi
[oɪ̯]
Quenya diphthong ui.svg ui
[uɪ̯]
Quenya diphthong au.svg au
[aʊ̯]
Quenya diphthong eu.svg eu
[eʊ̯]
Quenya diphthong iu.svg iu
[ɪ̯u]

Korpus[endre | endre wikiteksten]

Diktet «Namárie» ('farvel') er med sine 80 ord lengste teksten på quenya som i Ringdrotten. Den lengste kjende teksten er Oilima Markirya med 90 ord. Tolkien har òg omsett andre tekstar til quenya, som Fader vår og Ave Maria.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]