K’iche’

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Quichee)
Hopp til navigering Hopp til søk
K’iche’
Klassifisering: Maya
 K’iche’ansk-mameansk
  Stor-k’iche’ansk
   K’iche’ansk
    K’iche’-achí
     K’iche’
Bruk
Tala i: Flag of Guatemala.svg Guatemala
Flag of Mexico.svg Mexico
K’iche’talande i alt: Ca. 1 000 000
Offisiell status
Offisielt språk i: Nasjonalspråk i Guatemala
Språkkodar
ISO 639-3: quc
Glottolog: kich1262

K’iche’, med spansk ortografi quiché (òg kjend som katzijob'al), er det mest utbreidde mayaspråket. Det blir snakka av mellom ein og to millionar menneske, hovudsakleg i dei sentrale høglanda i Guatemala. Ifølgje den guatemalanske folketeljinga frå 2002 er det 1 270 953 menneske som tilhøyrer quichéfolket,[1] av dei har 890 596 k’iche’ som førstespråk.[2] Ethnologue sitt tal er likevel mykje høgare, til saman 2 333 000 talarar.[3] K’iche’ er uansett landet sitt nest største språk etter spansk.

K’iche’ har ei rekkje ulike dialektar som av og til vert rekna som eigne språk.

Det meste kjende verket på k’iche’ er den mytologiske tekstsamlinga Popol Vuh.

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

K’iche’ har seks vokalar:

Fremre Bakre
Lukka i u
Halvopen e o
Open ä a


Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Bilabial Alveolar Palatal Velar Uvular Glottal
vanleg implosiv vanleg ejektiv vanleg ejektiv vanleg ejektiv vanleg ejektiv vanleg
Nasalar m [m] n [n]
Lukkelydar p [p] b' [ɓ] t [t] t' [tʼ] k [k] k' [kʼ] q [q] q' [qʼ] ' [ʔ]
Affrikat tz [ts] tz' [tsʼ] ch [tʃ] ch' [tʃʼ]
Frikativ s [s] x [ʃ] j [χ] h [h]
Rullelyd r [r]
Approksimant w [ʋ] l [l] y [j]

Ortografi[endre | endre wikiteksten]

K’ich’e har vorte skrive med ulike ortografiar. Den klassiske ortografien til Fader Ximénez, som skreiv ned Popol Vuh, er basert på spansk ortografi, og har vorte erstatta med ein ny ortografi, som er bestemt av ALMG (Academia de Lenguas Mayas de Guatemala).

Den første lina av Popol Vuh i ulike ortografiar:
Ximénez's klassiske ortografi Are v xe oher tzíh varal Quíche ubí.
ALMG-ortografien Are’ uxe’ ojer tzij waral K’iche’ ub’i’.
(Ximénez's spanske omsetjing) Este es el principio de las Antiguas historias aquí en el Quiché.
(Dennis Tedlock's engelske omsetjing) "This is the beginning of the ancient word, here in the place called Quiché."


Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Kʼicheʼ har to sett av person-numerus-affiks, som blir referert til som sett A og sett B[4]. Affiksseriene blir brukt både på substantiv og verb. "Sett A" blir brukt på substantiv for å markere eigaren i possessorkonstruksjonar og på verb for å markere kongruens med det transitive subjektet (nomen i ergativt kasus). "Sett B" på verb markerer det transitive objektet eller med det intransitive subjektet (absolutiv kasus).

Sett A-prefiks
Foran ein konsonant Foran ein vokal
1. sg. nu- or in- w- or inw-
2. sg. a- aw-
3. sg. u- r-
1. pl. qa- q-
2. pl. i- iw-
3. pl. ki- k-
Sett B-prefiks
1. sg. in-
2. sg. at-
3. sg. Ø-
1. pl. oj-
2. pl. ix-
3. pl. e-

Pronomem[endre | endre wikiteksten]

Kʼicheʼ distinguishes six pronouns, classified by person and number. Gender and case are not marked on pronouns. Pronouns are often omitted, as subject and object agreement are obligatorily marked on the verb.

Subj2.
I ortografien I IPA
1. sg. in /in/
2. sg. at /at/
3. sg. areʼ /aɾeʔ/
1. pl. uj /uχ/
2. pl ix /iʃ/
3. pl. iyareʼ /ijaɾeʔ/

Verb[endre | endre wikiteksten]

Verb er morfologisk kompleks, og kan ta både prefiks og suffiks.

Tabellen nedanfor viser affiksa i eit ergativt/absolutivt mønster. Subjektet bruker sett A-prefiks, subjekt av intransitive verb og (her) objektet til det intransitive verbet bruker sett B-prefiks. Aspekt, modus og rørsle er også markert: Prefikset ul- i rørslekolonna indikerer rørsle mot talaren, mens prefikset e- indikerer rørsle bort.

Verbbøying
Aspekt/modus Sett B Rørsle Sett A Stamme Statussuffiks
k- at- bʼin -ik katbʼinik "du går."
x- at- inw- il -o xatinwilo "Eg såg deg."
ch- Ø- a-a kʼam -aʼ chakʼamaʼ "Ber det!"
k- Ø- ul- waʼ -oq kulwaʼoq "Ho/han kjem og et."

Det siste prefikset, det såkalla statussuffikset, uttrykker kva grammatiske trekk som blir uttrykt med andre prefiks (transitivitet, modus, rørsle).


Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. XI Censo Nacional de Población y VI de Habitación (Censo 2002) - Pertenencia de grupo étnico
  2. XI Censo Nacional de Población y VI de Habitación (Censo 2002) - Idioma o lengua en que aprendió a hablar
  3. Ethnologue – Språk i Guatemala
  4. Larsen 1988 s. 15f


Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]