Kichwa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Quichua)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kichwa
kichwa shimi, runashimi, quichua
Klassifisering: Quechuaspråk
Quechua II
Nordleg
Tala i: Ecuador, Colombia, Peru
Talarar: 2–3 millionar

Quechua (subgrupos).svg

Kichwa er ei gruppe quechuaspråk som blir snakka av rundt 2,5 millionar menneske. Det omfattar alle quechuaspråka tala i Ecuador og Colombia.

Språka har eit sameint skriftspråk, Shukyachiska Kichwa eller Kichwa Unificado.

Dei ulike kichwaspråka (dialektane)[endre | endre wikiteksten]

Misjonsorganisasjonen FEDEPI (2006) reknar opp åtte dialektar av quechua i Ecuador. Desse dialektane er her illustrert med setninga Mannen kjem til å kome om to dagar. (Ethnologue 16 (2009) reknar opp ni språk, og skil mellom Cañar og Loja Highland Quechua.) Tabellen viser dei ulike formene samanlikna med standardkichwa og standdardvarianten av sørleg quechua:

Dialekt ISO-kode Talarar i følgje SIL (FEDEPI) Uttale Orthografi (SIL eller offisiell)
Imbabura [qvi] 300,000 (1,000,000) Čay xarikunaka iškay punžapižami šamuŋga Chai jaricunaca ishcai punllapillami shamunga.
Calderón (Pichincha) [qud] 25,000 Čay xarikunaka iškay punžapižami šamuŋga Chai jaricunaca ishcai punllapillami shamunga.
Salasaca [qxl] 15,000 Či kʰarigunaga iški pʰunžažabimi šamuŋga Chi c'arigunaga ishqui p'unllallabimi shamunga.
Chimborazo [qug] 1,000,000 (2,500,000) Čay kʰarikunaka iški punžažapimi šamuŋga Chai c'aricunaca ishqui punllallapimi shamunga.
Cañar–Loja [qxr]
[qvj]
(200,000) qxr: 100,000
qxl: 15,000
Čay kʰarikunaka iškay punžaλapimi šamuŋga Chai c'aricunaca ishcai punzhallapimi shamunga.
Tena Lowland [quw] 5,000 (10,000) Či kariunaga iški punžaλaimi šamuŋga Chi cariunaga ishqui punzhallaimi shamunga.
Napo Lowland [qvo] 4,000 Ecu. & 8,000 Peru (15,000) Či karigunaga iškay punčaλaimi šamunga. Chi carigunaga ishcai punchallaimi shamunga.
Northern Pastaza [qvz] 4,000 Ecu. & 2,000 Peru (10,000) Či karigunaga iškay punžallaimi šamunga. Chi carigunaga ishcai punzhallaimi shamunga.
Standard Kichwa Chay karikunaka ishkay punllallapimi shamunka.
Standard Southern Quechua (Qhichwa) Čæy qʰarikunaqa iskæy p'unčawllapim hamunqa. Chay qharikunaqa iskay p'unchawllapim hamunqa.

Særmerke[endre | endre wikiteksten]

Orda for 'bror' og 'syster' er ulike etter kven som seier dei. Ei kvinne seier ñaña om ei syster og turi om ein bror, medan ein mann seier pani om ei syster og wawki om ein bror. Der ei kvinne vil seie «Ñuka turi Pedromi kan», vil ein mann seie «Ñuka wawki Pedromi kan».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]