Quito

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Avenida 24 de Mayo i Quito
Foto: Martin Zeise, Berlin

Quito er hovudstaden i Ecuador, hovudstaden i Pichinchaprovinsen og er nest største byen i landet etter Guayaquil. I 2004 hadde byen om lag 1,84 millionar innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det finst arkeologiske prov på busetnad i Quito meir enn 10 000 år attende, men berre historia for dei siste 500 åra er godt kjent. Quitufolket skal ha vore eit fredfullt folk som gav namn til byen. På 1000-talet gjekk dei inn i allianse med ein folkestamme frå kysten. På 1400-talet blei kongedømet Quitu oppretta som ein konføderasjon mellom carasfolket i nord og puruhasfolket i sør med senter kor dagens Quito ligg. Ein langvarig strid mot inkariket skulle no følgje, men først seinka cañarifolket i Sør-Ecuador inkaekspansjonen med nokre år. Etter at cañari fall gjorde folket i kongedømet Quitu hard motstand i kampane om Quito. Kampen om Quitoområdet starta i regjeringstida til Túpac Yupanqui (1471–1493). Quito fall for inkahæren i 1495 under Huayna Capac og generalen hans, dermed vart området ein del av Tawantinsuyu. Somme nemner Quito som ein nordre hovudstad i inkariket for ein kort periode. Huayna Capac gifta seg med ei prinsesse frå Quito, busette seg der for å sikre området. Inka Atahualpa hadde makta i byen då Francisco Pizarro kom til Peru i 1532 og general Rumiñahui vart den som skulle forsvare byen mot den spanske conquistadoren Sebastián de Belalcázar i 1534. Rumiñahui evakuerte byen og sette han i brann før spanjolane kom fram og kunne gå inn i byen. Rumiñahui vart seinare fanga og drepen, og Belalcázar skipa ein «ny» by med det fulle namnet «Muy Noble y Muy Leal ciudad de San Francisco de Quito».

Sjå òg inkarikets fall.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Quito ligg i nordre del av landet, ca 22 kilometer sør for ekvator i ei høgd på 2850 moh. Han er derfor den tredje høgastliggande hovudstad i verda etter Lhasa i Tibet på 3650 moh og La Paz i Bolivia på 3600 moh. Ingen annan hovudstad enn Quito kan vise til eit slikt utval av delvis aktive vulkanar rett i omkrinsen. Frå byen kan ein sjå Cotopaxi (5897 moh.), Cayambe (5790 moh.), Antisana (5705 moh.) og Illiniza (5263 moh.). Og ikkje minst den aktive vulkanen Pichincha (4897 moh.) som er næraste nabo til byen og har gjeve namn til provinsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]