Al-Qurayya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Qurayya)
Denne artikkelen handlar om byen sør i Syria. For byen i Dei sameinte arabiske emirata, sjå Al Qurayyah.
al-Qurayya
القريا, al-Qrayya
by
Land  Syria
Guvernement Al-Suwayda guvernement
Distrikt Salkhad-distriktet
Nahiyah Al-Qurayya
Koordinatar 32°32′33″N 36°35′49″E / 32.54250°N 36.59694°E / 32.54250; 36.59694
Folketal 6 789  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Al-Qurayya
32°32′33″N 36°35′49″E / 32.5425°N 36.59694444°E / 32.5425; 36.59694444

Al-Qurayya (arabisk القريا; òg skrive al-Qrayya eller Kureiyeh) er ein by sør i Syria i al-Suwayda guvernement, sør for al-Suwayda. Av stader i nærleiken finn ein Bosra i sørvest, Nimrah og Hout i sør, Salkhad i søraust, al-Kafr, Hibran og Sahwat al-Khudr i nordaust, Sahwat Bilata og Rasas i nord og 'Ara og al-Mujaymer i nordvest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde al-Qurayya eit folketal på 6 789 i 2004.[1] Byen er òg det administrative senteret i al-Qurayya nahiyah som består av fire byar med eit samla folketal på 9 892.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den vestlege forskaren Josias Leslie Porter identifiserte al-Qurayya som den bibelske «Kerioth» nemnt av profeten Eremias som ein av byane på sletta Moab. Profeten Amos skreiv at han skulle «sluke palassa i Kerioth.» Byen er seinare nemnt på 300-talet fvt. som «Koreath,» ein landsby under Bosra i den romerske provinsen Arabia Petraea. Men denne «Koreath» er òg identifisert som det nærliggande palasset Ein Qarata sør på Lejatsletta.[2] I gater og allear i landsbyen finst restar av fleire søyler.[3] Ein gresk inskripsjon vart funnen på ein av steinane og datert attende til 296 fvt.[2]

Den osmanske tida[endre | endre wikiteksten]

I 1596 stod al-Qurayya oppført i osmanske skattelister som ein del av Badi Nasiyya nahiya i Hauran qada. Han hadde ein heilt muslimsk folkesetnad som bestod av 65 hushaldningar og 36 ungkarar. Skattane vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, frukt- eller andre tre.[4]

I 1810 hadde al-Qurayya nokre få drusar-familiar og var den leiande landsbyen i områda sør og sørvest for 'Ara i Jabal al-Arab. I 1830- og 1840-åra, valde den markante al-Atrash-familien landsbyen som busetnaden sin.[5] Han vart gjeven til dei av dei første drusar-leiarane i landsbyen, al-Hamdan-familien.[6] På denne tida vart han framleis angripen av beduinar. I april 1838, medan unge drusarar frå al-Qurayya kjempa mot den egyptiske armeen til Ibrahim Pasha, vart landsbyen plyndra og fleire av innbyggjarar drepne i eit raid av sjeik Ibn Sumayr og Anza-beduinane hans. Fleire store raid mot al-Qurayya skjedde i 1842 og 1846.[5]

Først i 1850-åra vart det relativt stabilt.[5] I 1852 vart al-Qurayya, då sete for Ismail Pasha al-Atrash, hovudkvarteret for drusarane i opprøret mot det osmanske kravet om verneplikt.[7] I følgje Porter, som vitja al-Qurayya i 1853, hadde landsbyen krympa frå ein av dei store byane på Hauransletta til ein liten landsby. Mange av husa var bygde av antikke material. Leiaren i 1850-åra var Sami Faruq Pasha al-Atrash, den mektigaste drusar-sjeiken på Hauran.[2] I 1856-57 var al-Qurayya base for drusarane i offensiven deira mot dei muslimske landsbyane på Hauran.[7]

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Styresmaktene i det franske mandatet bomba al-Qurayya og øydela heimen til sjeik Sultan Pasha al-Atrash i eit slag i 1921.[8] Under det store syriske opprøret i 1925-27, som vart fronta av sultan Pasha, tente al-Qurayya som møtestad for dei leiande sjeikane i dei lokale opprørsgruppene.[9]

Kjende folk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2004[daud lenkje]. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Al-Suwayda guvernement. (arabisk)
  2. 2,0 2,1 2,2 Porter, 1858, s. 524.
  3. Porter, 1858, s. 523.
  4. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 219.
  5. 5,0 5,1 5,2 Firro, 1992, s. 152.
  6. Batatu, s. 183.
  7. 7,0 7,1 Firro, 1992, s. 188.
  8. Dana, s. 9.
  9. Firro, 1992, s. 256.