Rättviks kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rättvik kommun)
Rättviks kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Dalarnas län
Landskap Dalarna
Del av Dalarna, Q61606296, Q61606759
Centralort Rättvik
Areal 2 149,09 km²
 - land 1 932,02 km²
 - vatn 217,07 km²
Folketal 10 883
Folketettleik 6 / km²
Kart
Rättviks kommun
60°53′00″N 15°08′00″E / 60.883333333333°N 15.133333333333°E / 60.883333333333; 15.133333333333
Wikimedia Commons: Rättvik Municipality
Nettstad: www.rattvik.se

Rättviks kommun er ein kommune i Dalarnas län i Sverige. Kommunen grensar til fire andre kommunar i Dalarnas län. Desse er Falu kommun i søraust, Leksands kommun i sør, Mora kommun i sørvest og Orsa kommun i vest. I tillegg grensar han til to kommunar i Gävleborgs län, Ovanåkers kommun i aust og Ljusdals kommun i nord. Administrasjonssenteret i kommunen er Rättvik.

Rättvik er ein jord- og skogbrukskommune med eit kupert og skogkledd terreng. Ein finn treindustri i kommunen, i tillegg til at det er lange tradisjonar for kalkutvinning. Turisme er også ei viktig næring i kommunen.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

Boda landskommun braut 1. mai 1875 ut av Rättviks landskommun. I 1910 vart Rättviks municipalsamhälle oppretta. Ved kommunereforma i 1952 vart det ikkje gjort endringar i området, men i 1963 vart Boda sameina med Rättvik att og i 1966 vart municipalsamhället oppløyst. Rättviks kommun i si noverande form vart oppretta i 1974, då Ore vart innlemma.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: Firedelt skjold, felt 1 og 4 i raudt med ei ståande øks av gull, felt 2 og 3 i gull med to piler [i blått].[1]

Våpenet vart fastsett for Rättviks socken i 1948, bileta kjem frå eit soknsegl frå 1600-talet. Også landkommunane som gjekk inn i Rättviks kommun på byrjinga av 1970-talet hadde eigne heraldiske våpen. Det fanst dermed tre våpen etter kommunereforma på byrjinga av 1970-talet. Det var den namngjevande eininga sitt våpen som vart vald til kommunevåpen og registrert hjå Patent- och registreringsverket i 1979.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er seks tettstader i Rättviks kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1. Rättvik 4 588
2. Vikarbyn 1 208
3. Boda 576
4. Furudal 449
5. Gulleråsen 365
6. Nedre Gärdsjö 248

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sköld kvadrerad: fält 1 och 4 i rött en stolpvis ställd bila av guld, fält 2 och 3 i guld två korslagda dalpilar.».