Råbandsknute

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Borgundknarren vert seglet festa med råbandsknutar.

Råbandsknute, råbandsknop eller båtmannsknop er ein svært vanleg knute som er enkel å knyte. Den bør ikkje brukast til å knyte saman to ulike tau.

Skjematisk framstilling av råbandsknute.

Råbandsknuten er kjennemerkt av to identiske bukter som omsluttar kvarandre, og endar som går ut parallelt. Han ver laga av to enkle knutar som vert knytte oppå kvarandre. Den siste motsett veg av den første. Til denne knuten bør det brukast like tjukke og like stive endar. Han vert rekna for ein usikker knute, særleg om det vert drege i dei lause endane.

Råbandsknuten høver best å bruke når noko skal ombindast , som til dømes ein rull, ein pakke eller ein bandasje.

Knuten har fått namnet sitt fordi den vert brukt til å feste eit råsegl til råa. I øvre kant av seglet er festa råband som vert knytte over eller gjennom råa med denne knuten.

Vanlegaste feilen når knuten skal knytast er at partane ikkje kjem ut parallelle. Då har det vorte ein kjerringknute. Av utsjånad kan råbandsknuten forvekslast med ein tjuvknop.

Råbandsknute er ein vanleg knute i makramé.