Råbyggelaget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Raabøigdelaugets Fogderi markert på eit kart frå 1785.

Råbyggelaget, lenge skrive Robygdelaget, er eit gamalnorsk namn «på den landsluten som femner om dei indre bygdene i Agder (frå og med Åseral i vest)» og den sørvestre luten av Telemark.[1] Namnet viser at lova (lǫg) var den same for heile landområdet. Forstavinga Rá (=krå) viser truleg til ein stad, mellomleddet bygge til ein som bur på staden.

Området var utlagt til len, seinare omgjort til amt, futedøme og prostiAgder. Ulike variantar av namnet var i bruk i over 300 år. Det finst dokument med namnet frå 1600-, 1700- og 1800-talet og fram til sist i 1930-åra.

Råbyggelag var delt i to sorenskrivarembete; Østre Råbyggelag og Vestre Råbyggelag (samtlege bygder i Setesdal høyrde til sistnemnde).

Østre Råbyggelag omfatta bygdene Herefoss, Vegårshei, Åmli, Gjøvdal, Froland, Vegusdal, Lille Tovdal og Evje. Vestre Råbyggelag omfatta Bykle, Valle, Hylestad, Austad, Sandnes, Bygland, Årdal, Hornnes, Åseral, Iveland samt delar av Hægeland.

Råbyggelaget høyrde inn under Agdesiden lagdømme frå slutten av 1400- eller byrjinga av 1500-talet. I vest grensa det til Lister og Mandals amt og Stavanger amt, i nordaust til Bratsbergs amt og i søraust til Nedenæs fogderi. Fogderiet var en del av Nedenes amt.

Under Kalmarkrigen 1611-13 nekta bøndene i Råbyggelaget å betale krigsskatt og sende soldatar. Dei vart då straffa med ei bot tilsvarande halvparten av heile deira eige.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk Allkunnebok. IX. bandet, s 791

Kjelder[endre | endre wikiteksten]