Rådgjerd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rådgjerd eller Rådgerd er eit kvinnenamn av norrønt opphav.

Den norrøne forma Ráðgerðr er sett saman av Ráð som tyder 'råd, hjelp' og gerðr som tyder 'gjerd' eller 'vern'.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Namnet er sjeldan i Noreg og lite kjend elles.

Ved folketeljinga i 1801 var det 16 kvinner som fekk namnet sitt skrive Raagjer eller Raajer. Nesten alle budde i Surnadal.

Ved folketeljinga i 1865 var det fem kvinner som fekk namnet sitt skrive Raajer , Raajær eller Raagjer; alle busett i Oppdal eller Stangvik.

Ved folketeljinga i 1910 var det éi kvinne som het Raagjerd; ho budde i Stangvik.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Etter segna var Rådgjerd på Drevland ei av dei som overlevde Svartedauden. Ho la under seg alt landet frå Utnes i best til Brattlia i nordaust.