Rånar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein svensk rånar og bilen hans. Rånarar i Sverige vert gjerne omtalte som raggare og har ein noko annan stil enn dei norske.

Ein rånar er ein ung person, som oftast ein mann, som høyrer til eit motor- og bilinteressert ungdomsmiljø og som driv råning, det vil seie å køyre bil for moro skyld, gjerne att og fram på korte vegstrekningar, ei «stripe». Rånarar plar ofte samlast på faste plassar, til dømes på parkeringsplassar og bensinstasjonar, på kvelden og i helgane for å møtast sosialt, vise fram bilane sine og imponere kvarandre og unge jenter. Råning inneber òg mekking og råkøyring. Råning som sosial kulturaktivitet er særleg fenomen knytt til bygder og småbyar, og forklart med at fritidstilboda er få og bilkulturen her står sterkt.

Rånarbilen er som regel modifisert med alt frå fartsstriper og terningar og Wunderbaum hengande under spegelen til tunge musikkanlegg, blanke hjulkapslar og store spoilarar. Ein typisk rånebil er senka og har breie felgar. Populære merke er Volvo, Mercedes, BMW, Ford og Opel. Bakhjulsdrift er av dei fleste rånarar rekna for best, ettersom det mogleggjer spinning, også kalla burning, spoling, kasting eller sladding.

Omgrepet rånar er avleidd av ordet råne, som tyder hanngris.

Tilsvarande fenomen der ungdomsgrupper møtast på offentlege fristader i fritida er kjende frå mange samfunn. Også råning med bilar er utbreidd i mange land. I Sverige er ein type rånarar kjende som «raggare».

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rånar