Ræge kapell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Foto: Widerøes Flyveselskap (1962)

Ræge kapell var ei langkyrkje frå 1940Ræge i Sola kommune i Rogaland. Byggverket var i tre og hadde 170 sitjeplassar. Arkitekt for kyrkja var Valdemar Scheel Hansteen.

Kyrkja vart opphavleg kondemnert i 1960-åra, men var i kontinuerleg bruk fram til september 2009, då Ræge nye kyrkje vart vigsla og teken i bruk. Ræge kapell vart rive i april 2010.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Alf Henry Rasmussen (red.): Våre kirker : norsk kirkeleksikon, side 435, Vanebo Forlag 1993, ISBN 82-7527-022-7