Ræka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå Frøskeland mot Ræka.

Ræka (nordsamisk Goivo) er eit fjell i Vesterålen. Fjellet ligg på Langøya, i Sortland kommune, på vestsida av Eidsfjorden. Fjellet er 607 moh.

Namnet Ræka har ingenting med dyret reke å gjere, men kjem av eit gammalt vesterålsk ord for spade. Fjellet kan likne litt på bladet av ein gammal jordspade. Det gamle samiske namnet Goivo tyder snøskuffe.

Det finst eit gammalt segn om Eidsfjordtrollet som prøvde å grave ein kanal frå Eidsfjorden til Skjellfjorden. Men skaftet på spaden (ræka) brotna, og trollet kasta spaden frå seg. Akkurat då rann sola, og bladet og skaftet vart til stein. Bladet vart fjellet Ræka, og skaftet vart Rækøya.

Ræka vart klatra første gong i 1902 av engelskmennene Mundal og Ouster.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]