Rælingen Bygdetun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rælingen Bygdetun er eit museum på Fjerdingby i Rælingen kommune, i nærleiken av Rælingen kyrkje, og er ei avdeling av Akershusmuseet. Rælingen historielag står for drifta av bygdetunet, som femner om det gamle tunet på Søndre Fjerdingby gard, der hovudbygningen er frå ikring 1814 og eit stabbur er frå 1860-åra. Desse bygningane er eigd av Rælingen kommune. På bygdetunet står òg husmannsstova Svingen frå midt på 1800-talet, ein landhandel bygd opp etter modell av ein eldre landhandel i Rælingen og ein utedo frå 1890-åra. Desse bygningane er det Rælingen historielag som eig.

Samlinga på om lag tusen gjenstandar og dei faste og skiftande utstillingane skal gje eit innblikk i soga til Rælingen frå 1600-talet og fram til 1950-åra, då jordbruk, sagbruksdrift og elvetrafikk, teglverksverksemd, fangst, fiske og tradisjonelt handverk og attåtnæringar sette sitt preg på bygda. Rælingen historielags samlingar på om lag 2000 gjenstandar vert nytta i formidlinga saman med bygdetunssamlinga.

Husmannsstova Svingen skildrar levekåra for husmannsfamiliar i Rælingen, og set dessutan søkeljos på sagbruks- og teglverksindustrien i Nordbydalen. Verksemda i Nordbydalen var ein viktig del av den tidlige moderne industrien i bygda frå 1650-årene og gjennom den industrielle revolusjonen på andre halvdelen av 1800-talet, fram til avviklinga av verksemda i 1950-åra.

I Landhandelen vert det gjort greie for korleis dei små butikkane i Rælingen var på fyrste halvdelen av 1900-talet. Her er det ei samling på meir enn tusen gjenstandar.

Hovudhuset gjev eit et bilete av korleis folk levde på Fjerdingby på 1800-talet. På loftet er det innreia ein komplett skomakarverkstad frå Rælingen. I Prestkammerset i hovudbygningen og i den gamle steinkjellaren er det ei fast utstilling om rettsvesenet på 1700-talet, illustrert ved skildringa av lagnaden til to kvinner.

Stabburet rommar ei utstilling om utviklinga av landbruket i bygda. På stabbursloftet er det innreia ei skulestove som nytta aktivt i samband med Den kulturelle skolesekken.

På utearealet finst gamle eike- og asketre og restar etter gamal eplehage, urtehage og blomebed.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]