Répondez-moi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Répondez-moi»
Song av Gjon's Tears
Land Sveits
Språk Fransk
Utgjeve 4. mars 2020
Sjanger Pop
Lengd 02:58
Låtskrivar(ar) Gjon Muharremaj, Alizé Oswald, Xavier Michel, Jeroen Swinnen

«Répondez-moi» er ein franskspråkleg popballade som vert framført av den sveitsiske songaren Gjon's Tears. Songen vart utgjeven 4. mars 2020 og er komponert av artisten sjølv, saman med Xavier Michel, Alizé Oswald og Jeroen Swinnen. «Répondez-moi» skulle ha vore det sveitsiske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. Songen vart vald gjennom ei lukka juryvurdering i regi av den sveitsiske kringkastaren SRG SSR.[1] Men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[2]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

Melodien er komponert av den sveitsiske songaren Gjon Muharremaj, kjent under artistnamnet Gjon's Tears. Muharremaj har albansk bakgrunn; faren er kosovoalbaner, medan mora er frå den albanske hovudstaden Tirana. Muharremaj skreiv songen med Xavier Michel, Alizé Oswald og Jeroen Swinnen under ein sveitsisk låtskrivarleir, og det er han sjølv som framfører han.[3]

«Répondez-moi» har fransk tekst, og tittelen tyder 'svar meg'. Tittelen peikar på at songaren ynskjer svar på fundamentale og store spørsmål i livet.[3][4] Teamet er viktig for Gjon's Tears: «Nøyaktig kvifor er vi her, kor kjem vi frå, og kor skal vi hen? Dette er sentrale spørsmål, særleg for folk med migrantbakgrunn. Mine foreldre er frå Albania og Kosovo. Eg vaks opp i Sveits, og det er heimen min. Dette er spørsmål eg tenkjer mykje på.», sa han då songen vart lansert 4. mars 2020.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

«Répondez-moi» var eitt av 515 bidrag som vart sendt inn til uttakinga til SRG SSR for å velje det sveitsiske bidraget til Eurovision Song Contest 2020. Gjon's Tears og songen vart vald av to juryar: ein publikumsjury på 100 personar og ein internasjonal jury beståande av 20 musikkekspertar.[5] Songen vart offentleggjort av kringkastaren 4. mars 2020.

Songen var eit av 18 bidrag i semifinale 2 som skulle ha vore arrangert i Rotterdam Ahoy i Nederland torsdag 14. mai. «Répondez-moi» var det fyrste franskspråklege bidraget til Sveits i Eurovision Song Contest på ti år – etter at Michael von der Heide song «Il pleut de l'or» i 2010.[3][6] Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgende sjukdomen COVID-19.[7] Songen fekk dimed aldri delteke i tevlinga.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gjon's Tears represents Switzerland in Rotterdam with "Répondez-moi"». ESCXTRA.com (på engelsk). 4. mars 2020. Henta 4. mars 2020. 
  2. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Switzerland picks Gjon's Tears with French 'Repondez-moi' for Rotterdam». eurovision.tv. 4. mars 2020. Henta 4. mars 2020. 
  4. «Gjon's Tears – Switzerland 2020». eurovision.tv. 4. mars 2020. Henta 4. mars 2020. 
  5. «Switzerland: Gjon's Tears to Eurovision 2020 with "Répondez-moi"». 4. mars 2020. Henta 4. mars 2020. 
  6. «Répondez-moi! Gjon's Tears will represent Switzerland at Eurovision 2020» (på engelsk). 4. mars 2020. Henta 4. mars 2020. 
  7. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.