Ròte egg-tåka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hubble-bilete av Ròte egg-tåka

Ròte egg-tåka eller Kalebaståka (teknisk namn: OH231.8+4.2) er ei protoplanetarisk tåka som ligg rundt 5000 lysår unna jorda i stjernebiletet Akterstamnen.[1] Førstnemde namn kjem av at tåka inneheld mykje svovel som kan lukta som ròte egg på jorda.[1] Tåka er kring 1,4 lysår lang.[1]

Mykje av gassutstrøymingane som no er observerte ser ut til å stamma frå ein nyleg akselerasjon som skjedde for 800 år sidan.[1] Astronomar trur at Ròte egg-tåka vil vera ei fullutvikla planetarisk tåka om 1000 år.[1]

Gassen i Ròte egg-tåka strøymer utover med snøggleikar på opp mot 1,5 millionar kilometer i timen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «PIA04228: Rotten Egg Nebula» - Biletteksten til eit Hubble-bilete av tåka hos NASA Photojournal.